Historisk arkiv

10 millionar for å betre studentane si psykiske helse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Koronapandemien har ført til at mange studentar er meir aleine og får langt mindre sosial kontakt enn i eit vanleg studieår. No foreslår regjeringa 10 millionar kroner ekstra til tiltak som kan bidra til å betre situasjonen.

– Mange har site alt for mykje aleine på hybelen, følgd digitale førelesingar og hatt lite sosial kontakt. Det er klart det tærer på. Eg synest det er vondt å tenkje på at vi ikkje klarer å fange opp alle som kjenner litt ekstra på einsemda, men håpar at desse ekstra millionane kan brukast til å gjere studenttilveret litt betre for fleire, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal kome med forslag til konkrete tiltak og tilrådingar som gjeld eksamen, psykisk helse og gjennomføring av studia. Gruppa skal levere rapporten sin allereie 23. november. Gruppa vert leia av Kunnskapsdepartementet og består av representantar frå Universitets- og høgskulerådet, Fagskulerådet, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Studentane og samskipnadsrådet skal også vere med i arbeidet.

– Vi har hatt jamlege møte med rektorat, studentrepresentantar og sektoren sidan mars. Situasjonen er alvorleg og vi må innstille oss på å leve med strenge tiltak ei god stund til. Derfor formaliserer vi no dette samarbeidet ved å setje saman ei gruppe som skal vurdere og foreslå tiltak raskt. Så får vi sjå korleis vi best kan bruke dei 10 millionane når rapporten kjem om to veker, seier Asheim.