Statsbudsjettet 2024

1,02 milliardar kroner meir i frie inntekter til Buskerud neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løysa for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Buskerud fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024.. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 mrd. kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Etter at Grønt hefte vart trykt er det oppdaga ein feil i fordelinga av det førehandsfordelte skjønstilskotet til kommunane i Østfold, Akershus og Buskerud. Dette påverkar størrelsen på samla rammetilskot til desse kommunane i 2024 og anslaget på vekst i frie inntekter frå 2023 til 2024. Tabellen under, som inneheld den korrekte fordelinga av skjønstilskotet til desse kommunane i 2024, har derfor ikkje same vekstanslag som tabell 3-k i Grønt hefte.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

3301 Drammen

7 114 024

284 722

4,2

3303 Kongsberg

1 967 300

84 184

4,5

3305 Ringerike

2 117 690

98 986

4,9

3310 Hole

512 934

21 061

4,3

3312 Lier

2 014 994

92 843

4,8

3314 Øvre Eiker

1 423 004

71 108

5,3

3316 Modum

1 018 359

57 576

6,0

3318 Krødsherad

202 559

6 794

3,5

3320 Flå

106 368

3 908

3,8

3322 Nesbyen

263 398

10 486

4,1

3324 Gol

367 672

20 892

6,0

3326 Hemsedal

216 927

8 508

4,1

3328 Ål

367 130

16 249

4,6

3330 Hol

351 162

16 779

5,0

3332 Sigdal

274 142

9 724

3,7

3334 Flesberg

218 647

10 708

5,1

3336 Rollag

135 701

8 268

6,5

3338 Nore og Uvdal

214 658

6 413

3,1

Til fordeling gjennom året

11 333

 

 

Buskerud

18 898 004

830 274

4,6

       

Buskerud fylkeskommune*

 3 838 716

192 904

5,3

*Viken fylke blir delt 1.1.2024. For vekst i frie inntekter 2023-2024 er det m.a. gjort eit anslag over Buskerud sin del av Viken fylkeskommune sine frie inntekter i 2023.

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.