Statsbudsjettet 2024

1,1 milliardar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

1505 Kristiansund

1 645 218

60 720

3,8

1506 Molde

2 326 161

114 355

5,2

1508 Ålesund*

3 968 677

166 219

4,4

1511 Vanylven

255 161

14 547

6,0

1514 Sande

203 142

11 154

5,8

1515 Herøy

627 677

30 624

5,1

1516 Ulstein

631 714

40 028

6,8

1517 Hareid

382 387

15 623

4,3

1520 Ørsta

789 229

36 241

4,8

1525 Stranda

333 376

14 146

4,4

1528 Sykkylven

519 560

23 043

4,6

1531 Sula

697 387

30 998

4,7

1532 Giske

614 998

22 977

3,9

1535 Vestnes

506 545

19 832

4,1

1539 Rauma

540 864

26 648

5,2

1547 Aukra

281 066

13 790

5,2

1554 Averøy

415 564

17 892

4,5

1557 Gjemnes

210 369

8 935

4,4

1560 Tingvoll

253 722

13 254

5,5

1563 Sunndal

551 909

31 561

6,1

1566 Surnadal

451 774

26 694

6,3

1573 Smøla

191 716

12 711

7,1

1576 Aure

299 149

7 647

2,6

1577 Volda

810 711

47 387

6,2

1578 Fjord

240 101

9 793

4,3

1579 Hustadvika

987 585

40 533

4,3

1580 Haram*

661 267

44 476

7,2

Til fordeling gjennom året

21 886

 

 

Møre og Romsdal

19 418 913

908 147

4,9

       

Møre og Romsdal fylkeskommune

            6 028 955

               192 942

3,3

*Ålesund kommune blir delt 1.1.24. Anslaget på veksten for nye Haram og nye Ålesund er basert på beste anslag. For å rekne anslag på vekst er rammetilskot for 2023 fordelt etter del innbyggjarar som inngår i dei nye kommunane. Det er brukt innbyggjartal per 1.1.2023.

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.