Statsbudsjettet 2021:

11,5 millionar meir til språk i 2021

Våren 2020 la regjeringa fram forslag til ei heilskapleg språklov, og følgjer no opp med ei satsing med 11,5 millionar kroner meir til språk.

– Språket er den fremste kulturberaren vi har. Med språket kan vi diskutere og argumentere, men òg samlast og bygge verdifellesskap uavhengig av kven vi er, kor vi kjem frå og kor vi bur i landet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Språkpolitikken til regjeringa har som mål å sikre norsk som fellesspråk og samfunnsberande språk i Noreg. Vidare å verne og fremme samiske språk, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes.

Språksatsinga i 2021 inneber ei styrking av Språkrådet, av arbeidet med norsk terminologi og ei styrking av andre tiltak som skal fremme nynorsk, norsk teiknspråk og kvensk. Regjeringa foreslår å fordele 11,5 millionar kroner slik:

  • Språkrådet, 3 millionar kroner
  • Nynorsk pressekontor – «Nynorskroboten», 2 millionar kroner
  • Kainun institutti – Kvensk instutt, 500 000 kroner
  • Norges Døveforbund, 500 000 kroner
  • Det Norske Samlaget, 200 000 kroner
  • Nynorsk avissenter, 200 000 kroner
  • Noregs Mållag, 200 000 kroner
  • Teater Vestland – Nynorskhuset i Førde, 600 000 kroner. Auken kjem i tillegg til 1 million kroner som regjeringa la inn til prosjektet i 2020, og som blir vidareført i 2021.
  • Standard Norge – terminologiarbeid, 2 millionar kroner
  • Universitetet i Bergen – Termportalen, 2 millionar kroner. Midlane blir rammeoverførte til Kunnskapsdepartementets budsjett. Kunnskapsdepartementet går i tillegg inn med 2 millionar kroner til tiltaket.

Språksatsinga frå 2020 på 9,3 millionar kroner blir i tillegg vidareført i budsjettet for 2021.