Statsbudsjettet 2024

1,19 milliardar kroner meir i frie inntekter til Østfold neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løysa for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Østfold fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024.. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 mrd. kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Etter at Grønt hefte vart trykt er det oppdaga ein feil i fordelinga av det førehandsfordelte skjønstilskotet til kommunane i Østfold, Akershus og Buskerud. Dette påverkar størrelsen på samla rammetilskot til desse kommunane i 2024 og anslaget på vekst i frie inntekter frå 2023 til 2024. Tabellen under, som inneheld den korrekte fordelinga av skjønstilskotet til desse kommunane i 2024, har derfor ikkje same vekstanslag som tabell 3-k i Grønt hefte.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

3101 Halden

2 207 499

93 932

4,4

3103 Moss

3 518 021

170 891

5,1

3105 Sarpsborg

4 145 025

203 268

5,2

3107 Fredrikstad

5 688 183

269 028

5,0

3110 Hvaler

340 461

21 219

6,6

3112 Råde

579 857

39 735

7,4

3114 Våler

428 654

20 836

5,1

3116 Skiptvet

275 875

11 734

4,4

3118 Indre Østfold

3 263 140

134 915

4,3

3120 Rakkestad

607 188

23 253

4,0

3122 Marker

282 293

18 306

6,9

3124 Aremark

118 357

4 368

3,8

Til fordeling gjennom året

11 333

 

 

Østfold

21 465 887

1 012 552

5,0

       

Østfold fylkeskommune*

3 972 834

182 685

4,8

*Viken fylke blir delt 1.1.2024. For vekst i frie inntekter 2023-2024 er det m.a. gjort eit anslag over Østfold sin del av Viken fylkeskommune sine frie inntekter i 2023.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.