12 nye kommunar skal prøve ut fritidskort
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 16.03.2021
Frå og med hausten blir prøveprosjektet med nasjonal fritidskortordning utvida med 12 nye kommunar. Målet med prosjektet er å hente inn erfaringar til korleis ei nasjonal fritidskortordning bør innrettast.
Ordninga er retta mot alle barn i alderen 6 til fylte 18 år og skal dekkje utgifter til faste, organiserte aktivitetar. I år har regjeringa sett av 180 millionar kroner til prøveprosjektet.
- Eg er glad for at vi får fleire kommunar med på å teste ut fritidskortet. For at vi skal få et godt prøveprosjekt treng vi ei samansetting av kommunar som er eit Noreg i miniatyr. Derfor består prøveprosjektet av kommunar av ulik storleik, frå ulike landsdelar, med ulik del barn i låginntekt og ulik erfaring med liknande ordningar, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Det er eit viktig mål for regjeringa at alle barn og unge skal kunne delta på fritidsaktivitetar i lag med andre på same alder, uavhengig av kor mykje foreldra tener eller kor mykje ressursar dei har til å følgje opp barna.
- Med fritidskortet vil vi gi barn og unge like høve til å utvikle seg saman med andre barn og unge, få nye venar, bli inkludert og ha fine opplevingar. For mange barn gir ein fritidsaktivitet ein plass å høyre til, seier Ropstad.
Fritidskortordninga blir allereie i dag prøvd ut i 12 kommunar. I tillegg til dei nye kommunane vil Asker, Skien og Tromsø som i dag deltek med utvalde område av kommunen inkluderast i sin heilskap frå hausten 2021. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som har vurdert søknadane frå kommunane som vil bli med på prosjektet.
Nye kommunar frå hausten 2021:
- Sokndal
- Kvinesdal
- Drammen
- Råde
- Stord
- Bømlo
- Fitjar
- Kautokeino
- Lillehammer
- Modum
- Volda
- Kristiansund
Følgande 12 kommunar deltek allereie i prøveprosjektet:
- Arendal (frå hausten 2019)
- Vadsø (frå hausten 2019)
- Asker (Asker sentrum) (frå hausten 2020)
- Fauske (frå hausten 2020)
- Halden (frå hausten 2020)
- Haugesund (frå hausten 2020)
- Kvam (frå hausten 2020)
- Namsos (frå hausten 2020)
- Oslo (bydel Grorud) (frå hausten 2020)
- Skien (nokon område) (frå hausten 2020)
- Stor-Elvdal (frå hausten 2020)
- Tromsø (nokon område) (frå hausten 2020)