Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

1200 færre heilt arbeidslause i januar

– Trenden med færre arbeidslause og fleire i jobb held fram. Det er bra for Noreg, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

NAVs arbeidsløysetal for januar syner at det blir stadig færre arbeidslause. Frå desember til januar blei 1200 færre registrert heilt ledige, og 1300 færre heilt ledige og tiltaksdeltakarar, justert for sesongsvingningar og brot i statistikken. Sesongjustert var den registrerte arbeidsløysa målt som del av arbeidsstyrken uendra frå desember og ligg på 2,4 prosent.

– Mange verksemder treng arbeidskraft. Tida er inne for å inkludere fleire av dei som fortsatt slit med å få seg jobb, seier statsråden.

Til toppen