Statsbudsjettet 2024

1,27 milliardar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Agder fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

4201 Risør

510 858

28 262

5,9

4202 Grimstad

1 652 472

80 850

5,1

4203 Arendal

3 126 245

130 603

4,4

4204 Kristiansand

7 831 217

306 738

4,1

4205 Lindesnes

1 714 133

61 609

3,7

4206 Farsund

718 039

37 578

5,5

4207 Flekkefjord

705 821

40 635

6,1

4211 Gjerstad

194 522

7 465

4,0

4212 Vegårshei

177 820

10 565

6,3

4213 Tvedestrand

466 055

25 993

5,9

4214 Froland

441 203

24 482

5,9

4215 Lillesand

789 658

30 786

4,1

4216 Birkenes

405 283

17 670

4,6

4217 Åmli

176 631

5 888

3,4

4218 Iveland

125 993

7 667

6,5

4219 Evje og Hornnes

298 050

21 521

7,8

4220 Bygland

111 415

5 200

4,9

4221 Valle

110 828

4 865

4,6

4222 Bykle

108 022

3 789

3,6

4223 Vennesla

1 066 650

40 913

4,0

4224 Åseral

92 655

5 103

5,8

4225 Lyngdal

824 086

37 001

4,7

4226 Hægebostad

160 839

8 760

5,8

4227 Kvinesdal

474 194

20 764

4,6

4228 Sirdal

175 444

8 100

4,8

Til fordeling gjennom året

18 000

 

 

Agder

22 476 134

972 607

4,5

       

Agder fylkeskommune

5 153 035

299 282

6,2

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.