Frå mars til april blei 1400 færre registrert som heilt arbeidslause, justert for sesongsvingingar. Det svarar til ei arbeidsløyse på 2,2 prosent i april. Det er 0,1 prosenteining lågare enn i mars.

Det siste året har arbeidsløysa falle mest for ingeniør- og IKT-fag og blant industriarbeidarar.

Etterspurnad

– Verksemdene treng no folk. Regjeringa ønskjer å bruke dei gode tidene til å inkludere fleire i arbeidslivet. Vi veit det er mange som har mykje å bidra med, derfor har vi mellom anna sett i gong ein inkluderingsdugnad, seier Hauglie.