Statsbudsjettet 2024

1,61 milliardar kroner meir i frie inntekter til Innlandet neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Innlandet fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

3401 Kongsvinger

1 305 642

72 765

5,9

3403 Hamar

2 218 997

113 867

5,4

3405 Lillehammer

1 957 714

112 390

6,1

3407 Gjøvik

2 069 808

95 209

4,8

3411 Ringsaker

2 406 297

107 763

4,7

3412 Løten

544 009

28 983

5,6

3413 Stange

1 485 051

74 111

5,3

3414 Nord-Odal

371 378

13 777

3,9

3415 Sør-Odal

556 137

33 440

6,4

3416 Eidskog

460 325

18 853

4,3

3417 Grue

349 816

13 264

3,9

3418 Åsnes

547 796

21 489

4,1

3419 Våler

281 463

11 321

4,2

3420 Elverum

1 487 444

67 864

4,8

3421 Trysil

502 295

17 021

3,5

3422 Åmot

325 399

10 967

3,5

3423 Stor-Elvdal

200 666

6 390

3,3

3424 Rendalen

159 834

6 159

4,0

3425 Engerdal

129 837

7 132

5,8

3426 Tolga

142 245

6 272

4,6

3427 Tynset

441 887

20 763

4,9

3428 Alvdal

211 602

14 159

7,2

3429 Folldal

138 384

7 634

5,8

3430 Os

161 354

9 862

6,5

3431 Dovre

210 465

14 778

7,6

3432 Lesja

176 656

8 534

5,1

3433 Skjåk

178 414

12 741

7,7

3434 Lom

180 890

9 299

5,4

3435 Vågå

283 911

15 382

5,7

3436 Nord-Fron

439 195

22 614

5,4

3437 Sel

447 408

28 799

6,9

3438 Sør-Fron

244 482

11 114

4,8

3439 Ringebu

336 972

18 658

5,9

3440 Øyer

385 962

22 335

6,1

3441 Gausdal

434 725

23 059

5,6

3442 Østre Toten

1 025 602

43 118

4,4

3443 Vestre Toten

925 234

46 215

5,3

3446 Gran

955 709

36 948

4,0

3447 Søndre Land

416 054

20 229

5,1

3448 Nordre Land

495 418

20 358

4,3

3449 Sør-Aurdal

254 043

6 737

2,7

3450 Etnedal

121 333

3 346

2,8

3451 Nord-Aurdal

472 812

22 683

5,0

3452 Vestre Slidre

168 828

8 119

5,1

3453 Øystre Slidre

256 516

16 261

6,8

3454 Vang

147 899

4 155

2,9

Til fordeling gjennom året

33 850

 

 

Innlandet

27 047 761

1 305 911

5,1

       

Innlandet fylkeskommune

6 191 386

299 551

5,1

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.