1700 færre arbeidslause

– Gode mai-tal frå NAV syner at oppturen held fram med stor styrke.  Fleire kjem i jobb og færre er ledige, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

I mai månad blei det registrert 1700 færre arbeidslause i tillegg til at det er færre på eit arbeidsmarkedstiltak. Bruttoarbeidsløysa gjekk markert ned med 2500 personar.

Brei opptur

– Talet heilt ledige er no langt lågare enn på same tid i fjor. Dette er ein brei opptur som gjeld begge kjønn, alle aldersgrupper, alle fylker og alle yrker, seier statsråden. 

Nedgangen det siste året har vore størst for ingeniør- og ikt-fag (-33 %) og industriarbeid (-27 %).

 

Fakta om arbeidsløysa i mai 2018

Ved utgongen av mai var det registrert 60.008 heilt ledige. I tillegg deltok 18.213 arbeidssøkararar på eit tiltak. Bruttoarbeidsløysa var dermed 78.221.

Sjå NAV si pressemelding for meir informasjon om arbeidsløysetala.