Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2019

181 millionar kroner til barn i låginntektsfamiliar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal ha dei same mogelegheitene og den same fridomen til å skape si eiga framtid som alle andre. Regjeringa føreslår å styrkje innsatsen mot barnefattigdom med 181 millionar kroner.

Andelen og talet på barn som lever i risiko for fattigdom har auka over tid. Regjeringa sitt mål er å sikre eit berekraftig velferdssamfunn og skape eit tryggare Noreg.

- Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal få god omsorg, bu trygt, kunne etablere stabile venskap i oppveksten, ha håp og føle seg verdifulle i samfunnet. Derfor satsar regjeringa på inkluderande tiltak, seier barneminister Linda Hofstad Helleland (H).

Regjeringa foreslår å auke støtta til ferie- og fritidstiltak. Tilskotsordninga mot barnefattigdom er styrkt frå om lag 100 millionar kroner i 2014 til føreslåtte 292 millionar kroner i 2019. Ordninga bidreg til at barn frå sosialt og økonomisk vanskeligstilte familiar kan være med på ferie- og fritidsaktiviteter. Røde Kors, Blå Kors, Redd Barna og Kirkens Bymisjon er nokon av organisasjonane som får tilskot.

Barn med innvandrarbakgrunn er sterkt overrepresentert i låginntektsgruppa. Auken dei siste åra har i hovudsak skjedd blant barn med innvandrarbakgrunn.

- Skal vi motverke fattigdom må vi ta tak i årsaka til at mange familiar har låg inntekt, nemlig at foreldra ikkje er i jobb. Det som på sikt er mest effektivt i kampen mot fattigdom er at flest mogeleg kjem i arbeid. Å få mødre med innvandrarbakgrunn ut i arbeid, er noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere vedvarande låginntekt i barnefamiliar, seier statsråden.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • 20 millionar kroner til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. Losane følgjer opp unge med vanskar knytt til omsorgssituasjonen heime, svakt sosialt nettverk eller helseproblem, der dei har falle ut eller det er fare for at dei fell ut av vidaregåande skule. I beløpet inngår 1 million kroner til evaluering av tilskotsordninga.
  • 10 millionar kroner til eit pilotprosjekt for å dekkje utgifter ved deltaking i organiserte fritidsaktiviteter for barn frå låginntektsfamiliar. Pilotprosjektet skal gi meir erfaring med korleis ei ordning for å dekkje slike utgifter kan administrerast lokalt. Det er mellom anna behov for å få meir erfaring med kor stor etterspurnaden etter ei slik ordning vil vere, korleis den bør organiserast, og behovet for lokal tilpassing. Midlane dekkjer ikkje kontingentar. Pilotprosjektet er ei oppfølging av Fritidserklæringa som skal gi barn og unge mogelegheit til å delta i fritidsaktivitetar uavhengig av familiens økonomi.

  • 5 millionar kroner til ferietiltak for barn frå låginntektsfamiliar. Av beløpet skal 3 millionar kroner gå til tiltaket Ferie for alle i regi av Røde Kors og 2 millionar kroner skal gå til ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT).

  • 46 millionar kroner til gratis kjernetid i barnehage for toåringar frå familiar med låg inntekt. Satsinga vil bidra til at fleire barn i familiar med låg inntekt går i barnehagen, og dermed betre integreringa og språkopplæringa blant minoritetsspråklege barn. Barnehagedeltaking for toåringar med innvandrarbakgrunn er lågare enn for andre toåringar.

  • 60 millionar kroner til å styrke bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar.

  • Om lag 40 millionar kroner til områdesatsing i byar. Satsinga omfattar også rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde.

Fakta

Tal frå SSB viser at det i 2006 var 67 300 barn under 18 år som levde i familiar med vedvarande låg inntekt og 101 300 barn i 2016. Dette er ein auke frå 7 prosent av alle barn i denne aldersgruppa i 2006 til 10,3 prosent i 2016. Barn med innvandrarbakgrunn utgjorde 54,5 prosent av alle barn i låginntektsfamiliar i 2016, ei auke frå 38,8 prosent i 2006.