Statsbudsjettet 2024

1,95 milliardar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Trøndelag fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

5001 Trondheim

13 557 430

575 232

4,4

5006 Steinkjer

1 776 570

91 952

5,5

5007 Namsos

1 173 741

56 534

5,1

5014 Frøya

525 404

27 740

5,6

5020 Osen

96 156

4 840

5,3

5021 Oppdal

533 647

34 829

7,0

5022 Rennebu

198 877

8 142

4,3

5025 Røros

415 987

25 550

6,5

5026 Holtålen

166 601

7 888

5,0

5027 Midtre Gauldal

477 593

28 856

6,4

5028 Melhus

1 217 648

63 924

5,5

5029 Skaun

604 105

22 229

3,8

5031 Malvik

1 003 975

49 050

5,1

5032 Selbu

321 321

15 660

5,1

5033 Tydal

80 849

3 621

4,7

5034 Meråker

201 932

9 846

5,1

5035 Stjørdal

1 676 235

75 485

4,7

5036 Frosta

207 244

9 788

5,0

5037 Levanger

1 428 594

67 206

4,9

5038 Verdal

1 049 505

50 708

5,1

5041 Snåsa

183 260

8 418

4,8

5042 Lierne

140 410

3 618

2,6

5043 Røyrvik

61 842

3 580

6,1

5044 Namsskogan

103 556

4 693

4,7

5045 Grong

211 262

14 700

7,5

5046 Høylandet

128 640

4 349

3,5

5047 Overhalla

306 499

12 347

4,2

5049 Flatanger

115 299

7 178

6,6

5052 Leka

71 968

2 459

3,5

5053 Inderøy

530 261

21 739

4,3

5054 Indre Fosen

760 613

34 190

4,7

5055 Heim

489 222

21 457

4,6

5056 Hitra

406 839

20 021

5,2

5057 Ørland

794 486

38 342

5,1

5058 Åfjord

378 428

19 824

5,5

5059 Orkland

1 376 782

62 089

4,7

5060 Nærøysund

809 550

40 544

5,3

5061 Rindal

165 047

9 303

6,0

Til fordeling gjennom året

69 750

 

 

Trøndelag

33 817 126

1 554 574

4,8

       

Trøndelag fylkeskommune

 8 285 004

396 426

5,0

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.