Statsbudsjettet 2024

2,54 milliardar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestland fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

4601 Bergen

19 642 853

848 096

4,5

4602 Kinn

1 284 218

55 391

4,5

4611 Etne

323 143

16 418

5,4

4612 Sveio

430 659

16 158

3,9

4613 Bømlo

886 263

37 463

4,4

4614 Stord

1 333 556

50 783

4,0

4615 Fitjar

243 867

12 219

5,3

4616 Tysnes

268 101

11 540

4,5

4617 Kvinnherad

976 427

43 881

4,7

4618 Ullensvang

908 058

40 786

4,7

4619 Eidfjord

100 732

4 340

4,5

4620 Ulvik

107 807

3 462

3,3

4621 Voss

1 226 677

58 156

5,0

4622 Kvam

657 121

26 416

4,2

4623 Samnanger

200 286

12 542

6,7

4624 Bjørnafjorden

1 831 008

84 428

4,8

4625 Austevoll

451 796

15 914

3,7

4626 Øygarden

2 703 085

103 373

4,0

4627 Askøy

2 070 530

78 627

3,9

4628 Vaksdal

319 635

10 437

3,4

4629 Modalen

60 303

3 667

6,5

4630 Osterøy

565 506

25 109

4,6

4631 Alver

2 225 250

114 465

5,4

4632 Austrheim

233 681

10 863

4,9

4633 Fedje

65 549

2 464

3,9

4634 Masfjorden

165 957

10 386

6,7

4635 Gulen

210 448

6 472

3,2

4636 Solund

84 646

4 760

6,0

4637 Hyllestad

124 462

6 195

5,2

4638 Høyanger

322 295

16 408

5,4

4639 Vik

223 576

6 633

3,1

4640 Sogndal

931 071

47 858

5,4

4641 Aurland

154 482

5 093

3,4

4642 Lærdal

182 510

7 937

4,5

4643 Årdal

421 303

21 830

5,5

4644 Luster

431 750

19 339

4,7

4645 Askvoll

259 931

10 612

4,3

4646 Fjaler

275 935

15 764

6,1

4647 Sunnfjord

1 693 353

62 693

3,8

4648 Bremanger

307 601

11 712

4,0

4649 Stad

742 808

35 912

5,1

4650 Gloppen

487 889

24 351

5,3

4651 Stryn

547 587

20 340

3,9

Til fordeling gjennom året

30 000

 

 

Vestland

46 713 713

2 021 293

4,5

       

Vestland fylkeskommune

12 449 426

516 151

4,3

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.