Statsbudsjettet 2024

2,83 milliardar kroner meir i frie inntekter til Akershus neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løysa for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Akershus fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024.. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 mrd. kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Etter at Grønt hefte vart trykt er det oppdaga ein feil i fordelinga av det førehandsfordelte skjønstilskotet til kommunane i Østfold, Akershus og Buskerud. Dette påverkar størrelsen på samla rammetilskot til desse kommunane i 2024 og anslaget på vekst i frie inntekter frå 2023 til 2024. Tabellen under, som inneheld den korrekte fordelinga av skjønstilskotet til desse kommunane i 2024, har derfor ikkje same vekstanslag som tabell 3-k i Grønt hefte.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

3201 Bærum

10 665 372

472 816

4,6

3203 Asker

7 383 419

330 278

4,7

3205 Lillestrøm

6 202 388

278 383

4,7

3207 Nordre Follo

4 488 686

208 322

4,9

3209 Ullensaker

2 879 980

118 882

4,3

3212 Nesodden

1 412 199

70 734

5,3

3214 Frogn

1 143 704

53 853

4,9

3216 Vestby

1 305 217

66 584

5,4

3218 Ås

1 404 581

67 811

5,1

3220 Enebakk

762 841

30 716

4,2

3222 Lørenskog

3 152 137

158 869

5,3

3224 Rælingen

1 335 641

65 139

5,1

3226 Aurskog-Høland

1 264 379

65 564

5,5

3228 Nes

1 615 151

71 223

4,6

3230 Gjerdrum

494 497

23 606

5,0

3232 Nittedal

1 771 172

97 559

5,8

3234 Lunner

643 937

30 903

5,0

3236 Jevnaker

482 694

29 184

6,4

3238 Nannestad

1 051 615

52 734

5,3

3240 Eidsvoll

1 878 151

92 945

5,2

3242 Hurdal

222 139

8 706

4,1

Til fordeling gjennom året

11 334

 

 

Akershus

51 571 233

2 395 878

4,9

       

Akershus fylkeskommune*

9 081 017

442 720

5,1

*Viken fylke blir delt 1.1.2024. For vekst i frie inntekter 2023-2024 er det m.a. gjort eit anslag over Akershus sin del av Viken fylkeskommune sine frie inntekter i 2023.

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.