Statsbudsjettet 2027
3 580 millionar meir i frie inntekter til Oslo neste år
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 3,2 milliardar kroner neste år. Regjeringa held med dette fram med å styrke kommuneøkonomien. Auken i 2027 kjem på toppen av ei historisk høg inntektsvekst i 2025 og 2026.
Veksten i frie inntekter vil gi kommunesektoren eit handlingsrom på 0,5 milliardar kroner etter at meirkostnader til den demografiske utviklinga er dekt. Det er i tråd med det som ble varsla i kommuneproposisjonen.
– Gode kommunale tenester skaper tryggleik i kvardagen til folk. Difor er det viktig for regjeringa at kommunane er i stand til å levere gode velferdstenester der folk bur. Styrkinga av inntektsrammene dei siste åra legg til rette for dette, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Fordeling av frie inntekter
Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for Oslo og den nominelle veksten frå 2026 til 2027. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2026.
For å gjere inntektsnivået i 2026 samanliknbart med inntektsnivået i 2027, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.
Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent. Veksten til fylkeskommunane må òg sjåast i samanheng med at endringane i inntektssystemet for fylkeskommunane er fasa inn med full verknad i 2027.
Tabell – Anslag på frie inntekter i 2027 og nominell vekst frå 2026 til 2027
|
Kommune/fylkeskommune |
Anslag på frie inntekter 2027 |
Anslag på vekst 2026-2027 |
Anslag på vekst 2026-2027 |
|
(1 000 kr) |
(1 000 kr) |
(pst.) |
|
|
|
1 |
2 |
3 |
|
0301 Oslo |
59 706 209 |
2 981 037 |
5,3 |
|
|
|
|
|
|
Oslo fylkeskommune |
11 724 765 |
598 955 |
5,4 |
Tabellforklaring:
Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2027, målt i 1 000 kroner.
Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2026 til anslag for 2027 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.
Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.