Statsbudsjettet 2024

422 millionar kroner meir i frie inntekter til Finnmark neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Finnmark fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

5601 Alta

1 735 694

79 619

4,8

5603 Hammerfest

970 439

43 864

4,7

5605 Sør-Varanger

782 346

32 997

4,4

5607 Vadsø

456 530

18 376

4,2

5610 Karasjok

237 888

7 321

3,2

5612 Kautokeino

281 850

6 702

2,4

5614 Loppa

115 991

5 723

5,2

5616 Hasvik

116 994

4 566

4,1

5618 Måsøy

127 436

2 361

1,9

5620 Nordkapp

268 100

11 011

4,3

5622 Porsanger

332 969

17 273

5,5

5624 Lebesby

145 098

4 196

3,0

5626 Gamvik

125 016

4 790

4,0

5628 Tana

277 793

13 492

5,1

5630 Berlevåg

102 878

3 345

3,4

5632 Båtsfjord

194 293

6 057

3,2

5634 Vardø

187 076

7 993

4,5

5636 Nesseby

110 240

4 827

4,6

Til fordeling gjennom året

39 675

 

 

Finnmark

6 608 307

274 512

4,3

       

Finnmark fylkeskommune*

 2 126 472

147 639

7,5

*Troms og Finnmark fylke blir delt 1.1.2024. For vekst i frie inntekter 2023-2024 er det m.a. gjort eit anslag over Finnmark sin del av Troms og Finnmark fylkeskommune sine frie inntekter i 2023.

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.