Historisk arkiv

555 millionar meir til langtidsplanen for forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Forsking og utvikling er ein føresetnad for å sikre norske arbeidsplassar i framtida, og for ei vellykka omstilling av norsk økonomi. Derfor vil regjeringa auke løyvingane til oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning med 555 millionar kroner i 2017.

– Ei sterk satsing på forsking og utvikling vil hjelpe oss på vegen mot eit meir konkurransedyktig næringsliv, grønare arbeidsplassar og fleire verdsleiande fagmiljø, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Med forslaget til statsbudsjett for 2017 vil løyvingane til dei varsla opptrappingane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen ha auka med totalt 2,3 milliardar kroner i perioden 2015–17. Det inneber ein realvekst på 3,1 prosent til forsking og utvikling i 2017. Løyvingane til forsking og utvikling vil da utgjere 1,05 prosent av bruttonasjonalproduktet. I tillegg foreslår regjeringa å styrke den populære Skattefunn-ordninga (ligg under Finansdepartementet), som gir skattefrådrag til norske verksemder som arbeider med forsking og utvikling.

Langtidsplanen

I 2014 la regjeringa fram Noregs første langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Den har konkrete planar for opptrapping på viktige område, og tydelege prioriteringar for kor veksten i offentlege løyvingar til forsking skal komme i dei næraste åra.

Av 555 millionar kroner vil regjeringa bruke 48 millionar kroner på 120 nye rekrutteringsstillingar (stipendiat- og postdocstillingar) og 75 millionar kroner til tiltak for å stimulere til større deltaking i EU-forskingssamarbeidet Horisont 2020. Vidare foreslår regjeringa å styrke fem av dei seks prioriterte områda i langtidsplanen: «hav», «eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv», «verdsleiande fagmiljø», «klima, miljø og miljøvennleg energi» og «fornying i offentlig sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester».

Teknisk kutt til Forskingsrådet

Regjeringa foreslår 100 millionar kroner i varig auke til forskingsinfrastruktur, i tråd med planane for opptrapping i langtidsplanen. Samstundes vil regjeringa ha eit eittårig, teknisk kutt på 300 millionar kroner i løyvinga til infrastrukturordninga. Regjeringa vil ha ein reduksjon i det beløpet som rådet overfører frå eitt budsjettår til det neste. Frå 2015 til 2016 var overføringane i rådet på om lag 3,2 milliardar kroner.

– Det er ikkje bra at pengar som Stortinget har løyvd til forsking, hopar seg opp hos Forskingsrådet på denne måten. Kuttet er eittårig og vil i praksis ikkje påverke aktiviteten til rådet, seier kunnskapsministeren.