Historisk arkiv

Færre arbeidslause i oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

– Færre er arbeidslause og fleire er i jobb. Den moderate oppgangskonjunkturen i norsk økonomi held fram, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Talet på heilt ledige fall med i underkant av 600 personar frå september til oktober (sesongjustert), og reknar ein med arbeidssøkarar på tiltak gjekk talet ned med 1 300. Delen arbeidsledige utgjorde i oktober 2,3 prosent av arbeidsstyrken, mot 2,4 i september (sesongjustert).

– Oljesmellen råka hardt, men spora er i ferd med å viskast ut. Arbeidsløysa går mest ned på sørvestlandet, innan ingeniør- og IKT-fag og blant menn, seier statsråden og legg til:

– Sjølv om det går godt no, står det altfor mange utanfor arbeidslivet: unge, langtidsledige, folk med lite utdanning og innvandrarar for å nemne nokre grupper. Regjeringa har difor invitert til ein inkluderingsdugnad for å gi jobbsjansar til fleire.

Fakta om arbeidsløysa

Sjå NAV. no for meir informasjon.