Statsbudsjett 2019:

640 millionar kroner meir på kulturbudsjettet

Regjeringa sitt framlegg til kulturbudsjett for 2019 er på vel 14,8 milliardar kroner. Det inneber ein auke på om lag 640 millionar kroner eller 4,5 prosent frå saldert budsjett 2018.

Hovudprioriteringar:

Regjeringa vil leggje til rette for breidde og mangfald gjennom gode støtteordningar for det frivillige feltet, for den organiserte idretten og for eigenorganisert aktivitet. Barne- og ungdomsaktiviteten er særleg prioritert. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til momskompensasjon for frivillige organisasjonar med 134 millionar kroner. Frivillige organisasjonar vil med dette ta imot godt over 1,5 milliardar kroner frå ordninga i 2019.

Regjeringa sitt mål er at ein større del av folket får oppleve gode kulturtilbod.  Regjeringa foreslår i 2019 å løyve 20 millionar kroner til ulike tiltak på kulturområdet som skal stimulere til mangfald, integrering og arbeid mot fattigdom.

Regjeringa vil vektleggje mangfaldet av kulturarv i Noreg. I statsbudsjettet gjer regjeringa framlegg om å løyve 285 millionar kroner til nasjonale kulturbygg, og ei tilsegnsfullmakt på 771 millionar kroner for å ferdigstille prosjekt i seinare år. Det blir  gjort framlegg om å gje tilslutnad til 18 nye prosjekt, med god geografisk spreiing, i 2019.

Musea er viktige forvaltarar og formidlarar av kulturarven. Regjeringa gjer framlegg om tilskot på vel 1,8 milliardar kroner til museum og visuell kunst – ein auke på 234 millionar kroner frå 2018. I dette ligg 510 millionar kroner i tilskot til Nasjonalmuseet, ein auke på 185 millionar kroner for å dekkje husleige og auka driftskostnader i samband med innflytting på Vestbanen i 2019.

Regjeringa har som mål å leggje til rette for et breitt og variert filmtilbod av høg kvalitet. Løyvinga til Filmfondet blir foreslått auka med 30,9 millionar kroner frå saldert budsjett 2018. 5,1 millionar kroner av dette er øyremerka internasjonal satsing på dataspel. For å styrkje norsk filmproduksjon og Noreg som attraktivt innspelingsland for utanlandske produksjonar, ønskjer regjeringa å auke insentivordninga for internasjonale film- og serieproduksjonar i Noreg med 10 millionar kroner. Det blir foreslått ei tildeling på 3 millionar kroner for å opprette ein nasjonal filmkommisjon. Salet av Filmparken blir  utsett på grunn av ny marknadssituasjon.

Løyvinga på mediefeltet skal leggje til rette for god nyhendeproduksjon over heile landet, og ein brei offentleg samtale. Mediestøtta skal også leggje til rette for innovasjon, utvikling og nyskaping i mediebransjen. Regjeringa vil ha ein mediestøtte som er føreseieleg, ubyråkratisk og med størst mogeleg avstand til politiske styresmakter.  I statsbudsjettet for 2019 aukar regjeringa tilskotet til innovasjon og utvikling i nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet er særleg retta mot lokale medium med små ressursar til å setje i gang slike prosjekt. Regjeringa foreslår å setje av 10 millionar kroner til ordninga i 2019 – ein auke på 3 millionar kroner frå året før.

Språk og litteratur er ein viktig del av norsk kulturarv, og ein føresetnad for deltaking i demokratiet. Regjeringa vil føre ein aktiv språk- og litteraturpolitikk, som sikrar både bokmål og nynorsk og dei offisielle språka i Noreg.

Noreg skal vere hovudland under bokmessa i Frankfurt i 2019, og staten bidrar med 30 millionar kroner til dette prosjektet. Regjeringa vil løyve same beløp over spelemidla til Nasjonalbiblioteket i markeringa av Bokåret 2019 her heime. Vidare ønskjer regjeringa å løyve 10 millionar kroner til tiltak for å styrkje barne- og ungdomslitteraturen.

Til toppen