Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

700 færre arbeidslause i februar

– Framleis blir det færre utan arbeid og fleire i jobb, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Frå januar til februar blei det registrert om lag 700 færre heilt ledige, justert for sesongvariasjonar og brot i statistikken.

Det syner nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet som blei offentleggjort fredag. Sesongjustert var den registrerte arbeidsløysa 2,3 prosent av arbeidsstyrken i februar. 

– Betringa held fram. Det siste året har den største nedgangen kome på Sør- og Vestlandet og blant ingeniør- og IKT-fag og industriarbeidarar, seier statsråden. 

Til toppen