Statsbudsjettet 2024

726 millionar kroner meir i frie inntekter til Telemark neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Telemark fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

4001 Porsgrunn

2 501 388

102 982

4,3

4003 Skien

3 837 576

185 873

5,1

4005 Notodden

951 297

42 082

4,6

4010 Siljan

179 526

12 134

7,2

4012 Bamble

1 006 518

52 401

5,5

4014 Kragerø

749 595

35 437

5,0

4016 Drangedal

327 729

16 306

5,2

4018 Nome

485 087

18 314

3,9

4020 Midt-Telemark

781 364

36 354

4,9

4022 Seljord

237 986

13 132

5,8

4024 Hjartdal

139 960

4 620

3,4

4026 Tinn

435 110

14 291

3,4

4028 Kviteseid

203 865

11 193

5,8

4030 Nissedal

136 908

3 684

2,8

4032 Fyresdal

120 026

5 610

4,9

4034 Tokke

188 332

8 630

4,8

4036 Vinje

320 582

18 106

6,0

Til fordeling gjennom året

7 100

 

 

Telemark

12 609 948

580 646

4,8

       

Telemark fylkeskommune*

2 800 721

145 846

5,5

*Vestfold og Telemark fylke blir delt 1.1.2024. For vekst i frie inntekter 2023-2024 er det m.a. gjort eit anslag over Telemark sin del av Vestfold og Telemark fylkeskommune sine frie inntekter i 2023.

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.