80 barnefamiliar skal ut av asylmottak

Regjeringa føreslår å busetje 80 barnefamiliar. – Ved å busetje desse familiane kan dei kome i gang med liva sine i Noreg. Dei skal lære seg norsk, starte i barnehage, skole eller arbeid. På den måten vil dei også kunne bidra i det norske samfunnet, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa førslår 38 millionar kroner til å busetje barnefamiliar. Dette gjeld familiar med avgrensa løyve mens dei ventar på dokumentert identitet. Dette forslaget blir lagt fram i revidert nasjonalbudsjett.

Det dreiar seg om rundt 80 familiar med rundt 170 barn. Nokre av desse har budd i mottak i fleire år, og flytta gong på gong. Særleg for barna er det ei stor belastning å opphalde seg lenge i mottak.

– Det er viktig å komme raskt i gang med kvalifisering for dei som skal busetjast, og at dei har like rettar og plikter som andre. Vi føreslår derfor også å endre introduksjonslova slik at desse får rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogram, seier Sanner.

– Fleire kommunar står klare til å ta imot dei. I dag har vi ein situasjon der mange kommunar ønskjer å busetje flyktningar, seier Sanner.