Statsbudsjettet 2024

836 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Troms fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

5501 Tromsø

5 151 514

221 549

4,5

5503 Harstad

1 827 636

98 184

5,7

5510 Kvæfjord

255 599

15 073

6,3

5512 Tjeldsund

377 130

19 420

5,4

5514 Ibestad

129 645

4 619

3,7

5516 Gratangen

110 813

7 521

7,3

5518 Lavangen

113 405

5 211

4,8

5520 Bardu

302 549

10 995

3,8

5522 Salangen

182 303

8 001

4,6

5524 Målselv

523 318

26 439

5,3

5526 Sørreisa

265 913

18 677

7,6

5528 Dyrøy

112 095

5 407

5,1

5530 Senja

1 279 131

52 900

4,3

5532 Balsfjord

457 178

23 987

5,5

5534 Karlsøy

213 590

9 952

4,9

5536 Lyngen

270 997

12 390

4,8

5538 Storfjord

181 600

8 908

5,2

5540 Kåfjord

190 469

8 525

4,7

5542 Skjervøy

260 786

15 257

6,2

5544 Nordreisa

382 210

12 861

3,5

5546 Kvænangen

136 199

4 403

3,3

Til fordeling gjennom året

39 675

 

 

Troms

12 763 755

590 277

4,8

       

Troms fylkeskommune*

  4 319 356

245 834

6,0

*Troms og Finnmark fylke blir delt 1.1.2024. For vekst i frie inntekter 2023-2024 er det m.a. gjort eit anslag over Troms sin del av Troms og Finnmark fylkeskommune sine frie inntekter i 2023.

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.