8,7 millionar i gåveforsterking til kunst- og kulturinstitusjonar i Hordaland

Kulturdepartementet fordeler no tilskot på til saman 8,7 millionar kroner i gåveforsterking til 15 kunst- og kulturverksemder i Hordaland: Teaterdrift Bergen, Bymuseet i Bergen, Granvin herad, Museumssenteret i Hordaland, Bergen Nasjonale Opera, Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien, Nattjazz, KODE Kunstmuseene i Bergen, Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum, Bergen Kunsthall, Baroniet i Rosendal, Museum Vest, Oseana Kunst og Kultursenter, Festspillene i Bergen og Vossa Jazz.

Tilskota baserer seg på pengegåver på til saman 35,1 millionar kroner.

- Mange kulturinstitusjoner i Hordaland arbeider godt mot private gjevarar. Gåveforsterkingsordninga skal bidra til at det systematiske arbeidet lønnar seg. Tilskotet bidrar til å styrkje viktige prosjekt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Gåveforsterkingsordninga for musea blei innført i 2014. Ordninga inneber at staten gir eit tilskot på 25 prosent i tillegg til pengegåver frå private gjevarar og stiftingar. Formålet er å stimulere til meir privat finansiering av kulturinstitusjonar. I 2016 blei ordninga utvida til å omfatte gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. Det er sett av 51,1 millionar kroner til ordninga på statsbudsjettet for 2017.

Teaterdrift Bergen

Tek imot 125 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 500 000 kroner frå Sparebanken Vest. Gåva skal finansiere stilling som dagleg leiar på Cornerteateret i Bergen.

Teaterdrift Bergen er eigd av Vestlandske Teatersenter og Proscen og er driftsselskap for Cornerteatret i Bergen. 

Cornerteatret er eit produksjons – og visningshus for det frie scenekunstfeltet i Hordaland, og eit kreativt scenehus for barn og ungdom.

Dagleg leiar ved Cornerteatret er Marit Eikemo, tlf. 416 88 376.

Bymuseet i Bergen

Tek imot 445 250 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 1,78 millionar kroner frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen og H. Westfal-Larsen og hustru Anna Westfal-Larsens Almennyttige fond.

Gåvene skal nyttast til nytt Steinway konsertflygel til Håkonshallen og utvikling av nye produkt til museumsbutikken på Gamle Bergen Museum. Bymuseet i Bergen er eit kulturhistorisk- og arkeologisk museum med ansvar for drift av ni museum i Bergen kommune.

Bymuseet får 17,6 millionar kroner i driftstilskot frå Kulturdepartementet i 2017.

Det er 55 årsverk ved museet som hadde 186 725 besøkjande i 2015.

Kontaktperson: direktør Marianne L. Nielsen, tlf. 934 49 950.

Granvin herad

Tek imot 75 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 300 000 kroner frå Sparebankstiftinga Hardanger.

Gåva skal nyttast til istandsetjing av kulturbygget Kulturbanken. Granvin herad driv kulturhuset Kulturbanken som inneheld bibliotek, resepsjon for bygdemuseet, samt formidlingsrom for mellom anna folkemusikk. Gåva skal gå til innreiing av huset.

Ordførar i Granvin herad er Ingebjørg Winjum, tlf. 404 03 863

Museumssenteret i Hordaland

Tek imot 569 250 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 2,27 millionar kroner frå Utvandringssenterets venner.

Gåva skal nyttast til realisering av nytt museumsbygg ved Vestnorsk utvandringssenter.

Museumssenteret i Hordaland er ei stifting av fleire konsoliderte museum i Hordaland med avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy.

Museumssenteret i Hordaland får 11,6 millionar kroner i driftstilskot frå Kulturdepartementet i 2017. Det er 40 årsverk knytta til senteret som hadde 24 418 besøkjande i 2015. 

Kontaktperson: direktør Atle Ove Martinussen, tlf. 903 68 990.

Bergen Nasjonale Opera

Tek imot 1,28 millionar kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 5,1 millionar kroner fra Kavlifondet og Trond Mohn ved Meteva AS.

Gåvene skal nyttast til prosjektet Unge stemmer og vidare utvikling av Bergen Nasjonale Opera.

Bergen Nasjonale Opera blei etablert i 2005 som stifting av Bergen Filharmoniske Orkester v/ Stiftelsen Harmonien, A/S Den Nationale Scene, Grieghallen AS og Festspillene i Bergen.

Operaen har base i Bergen og har Bergen Filharmoniske Orkester som fast samarbeidspartnar.

Bergen Nasjonale Opera får driftstilskot på 20 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017. Publikumstalet var på 17 582 i 2015.

Kontaktperson for Bergen Nasjonale Opera: operasjef Mary Miller, tlf. 965 02 008

Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien

Tek imot 682 500 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 2,73 millionar kroner fra Grieg Foundation, Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen og Kavlifondet.

Gåvene skal nyttast til å støtte opp om orkesterinnspelingar, vidareutvikling av det digitale konserthuset, innkjøp av utstyr for å betre kvaliteten på overføringar og støtte til De Unges Konsert.

Musikkselskapet Harmonien – Bergen Filharmoniske Orkester rekner historia si tilbake til 1765. Orkesteret består av 101 musikarar under leiing av sjefsdirigent Edward Gardner.

Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien har Grieghallen i Bergen som fast konsertarena.

Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester, Bergen Filharmoniske Kor og Digitalt konserthus inngår også i Musikkselskapet Harmonien.

Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien får driftstilskot på 131,8 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017.

Kontaktperson er adm. direktør for Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien er Bernt E. Bauge, tlf. 47915110.

NATTJAZZ

Tek imot 150 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 600 000 kroner frå Sparebanken Vest (Visjon Vest) og Canal Digital Kabel TV.

Gåvene skal nyttast til Nattjazz 2016. NATTJAZZ er ein festival som vert arrangert årleg på USF Verftet i Bergen. Festivalen blei arrangert fyrste gongen i 1972 og har ein musikalsk profil med hovudvekt på etnisk og moderne jazz. NATTJAZZ får offentleg tilskot frå Kulturrådet, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.

Kontaktperson: festivalsjef Jon Skjerdal, tlf. 55 30 72 51

KODE Kunstmusea i Bergen

Tek imot 950 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 3,8 millionar kroner frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen. Gåva skal nyttast til Edvard Grieg Internasjonale pianokonkurranse 2016 og til drift og formidling.

KODE Kunstmuseene i Bergen er eit museum for kunst, kunsthandverk, design og musikk. KODE er ei konsolidert eining av fire museumsbygg i Bergen sentrum. Komponistheimane til Ola Bull, Harald Sæverud og Edvard Grieg inngår også. 

KODE får 23,3 millionar kroner i driftstilskot frå Kulturdepartementet i 2017. Det er 64 årsverk ved KODE. Museet hadde185 327 besøkjande i 2015.

Kontaktperson: direktør Karin Hindsbo.

Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum

Tek imot 643 750 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 2,57 millionar kroner fra Grieg Foundation, Magda Müller Mowinckels Legat, Stiftelsen Neptun Bergen, Norwegian Hull Club, G.C. Rieber Fondene, Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen og Bergens Rederiforening.

Gåvene skal nyttast til forskingsprosjektet «Bergen og Sjøfarten bind VI». Bergens Sjøfartsmuseum er eit av dei eldste spesialmusea i landet og har forvaltingsansvar for marine kulturminner i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Bergen Sjøfartsmuseum får 2,58 millionar kroner i driftstilskot frå Kulturdepartementet i 2017. Det er 13 årsverk ved museet, som hadde 28 554 besøkjande i 2015.

Kontaktperson: direktør Per Kristian Sebak, tlf. 55 54 96 01

Bergen Kunsthall

Tek imot 35 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 140 000 kroner frå Fredrik Værslev og Familien Brynhildsens Legat.

Gåvene skal nyttast til Festspillutstillinga 2016. Bergen Kunsthall er visningsstad for samtidskunst i Bergen og huser kvart år Festspillutstillinga i samband med Festspillene i Bergen. Bergen Kunsthall får driftstilskot på 9,3 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017. I 2015 hadde Bergen Kunsthall 12,5 lønna årsverk og 59 485 besøkjande.

Kontaktperson i Bergen Kunsthall: direktør Martin Clark, tlf. 940 15 050

Baroniet i Rosendal

Mottar 81 250 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 325 000 kroner frå Knut Lauritz Galtung Døsvig. Gåva skal nyttast til bygging av ny billettbod ved inngangen til Rosendal have. Baroniet i Rosendal er eit museum i Hordaland knytt til slottet frå 1665.

Baroniet i Rosendal får driftstilskot på 1,3 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017. Det er 21 årsverk ved Baroniet, som i 2015 hadde 87 884 besøkjande.

Kontaktperson: direktør Anne Grete Honerød, tlf. 995 12 592.

Museum Vest

Tek imot 75 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 300 000 kroner frå GC Rieber Fondet. Gåva skal nyttast til utstilling om selfangstnæringa ved Norges Fiskerimuseum.

Museum Vest er ei stifting med konsoliderte museum i Hordaland og fungerer som regionmuseum for kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden, Askøy og på nokon område også for Bergen. Den faglege profilen er nært knytt til fiskeri og kystkultur og Museum Vest  har teke på  seg eit nasjonalt nettverksansvar for desse fagområda.

Museum Vest får 9,5 millionar kroner i driftstilskot frå Kulturdepartementet i 2017. Det er 38 årsverk ved museet som hadde 11 704 besøkjande i 2015.

Kontaktperson: direktør Stig Stark-Johansen, tlf. 924 14 887.

Oseana Kunst og Kultursenter

Tek imot 220 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 880 000 kroner frå Grieg Foundation og Alutec AS. Gåvene skal nyttast til kunstkuratorstilling og kulturhusdrift.

Oseana Kunst og Kultursenter er kulturhus i Os kommune og blei opna i 2011. Oseana vert drive som eit kommunalt foretak og inneheld kultursal, galleri, restaurant og diverse lokale for eit variert kulturtilbud.

Kontaktperson: direktør Ole Tobias Lindeberg, tlf. 932 57 024.

Festspillene i Bergen

Tek imot 3,3 millionar kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 13,5 millionar kroner frå Yvonne & Bjarne Rieber v. AS Rika, Trond Mohn v. Meteva AS, Grieg Foundation, H Westfal-Larsen og hustru Anna W Larsens almennyttige fond, Herman Friele jr., G.C. Rieber Fondene, O Kavli og Knut Kavlis Almennyttige fond, Anders Sveaas’ Almennyttige Fond, Stiftelsen Fritt Ord, Oticon Fonden og Dextra Musica AS.

Dette er det fyrste tilskotet som Festspillene i Bergen får frå gåveforsterkingsordninga. Gåvene skal nyttast til generell støtte til Festspillene, samt enkeltprosjekt. Festspillene i Bergen blei etablert i 1953 og er den eldste festivalen i Noreg for musikk og teater.

I 2017 vert festspela arrangert over 15 dager i perioden 24. mai til 7. juni. Festspillene nyttar mange arenaer, både innandørs og utandørs i og omkring Bergen og samarbeider med andre kulturaktørar i regionen. I 2016 hadde festspela eit publikumstal på 124 656.

Kontaktperson; direktør Anders Beyer, tlf. 55 21 06 30.

Vossa Jazz

Tek imot 27 500 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 110 000 kroner frå Voss Sparebank, Sparebanken Vest og Stiftelsen Sosialbygget. Gåvene skal nyttast til arbeid for unge i aldersgruppa 13-18 år.

Vossa Jazz vert arrangert i palmehelga kvart år og er arrangert årleg sidan 1974. Den musikalske profilen rommar jazz, folkemusikk og verdsmusikk.

Kontaktperson: Dagleg leiar for Vossa Jazz Trude Storheim, tlf. 957 61 257.