Historisk arkiv

Fire millionar kroner til språktiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet lyser ut prosjektmidlar til oppfølging av språkmeldinga. I tillegg til eigne midlar til innsamling av stadnamn som er delegerte til Språkrådet, har vi om lag fire millionar kroner til andre språktiltak.

Kulturdepartementet lyser ut prosjektmidlar til oppfølging av språkmeldinga. I tillegg til eigne midlar til innsamling av stadnamn som er delegerte til Språkrådet, har vi om lag fire millionar kroner til andre språktiltak.

 


- Språket er vårt fremste kulturuttrykk og identitetsmerke. Det er naudsynt å styrkje satsinga på norsk språk i ei stadig meir globalisert verd. Det kan søkjast om støtte til alle slags tiltak som kan vere med på å styrkje norsk språk, nynorsk eller bokmål, direkte og indirekte. Vi vil òg vurdere søknader som gjeld nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Søknadene må gjere greie for formålet med prosjektet, presisere nærare kva resultat ein realistisk kan vente å oppnå, og gjere greie for eventuell vidare oppfølging.

Søknaden må innehalde spesifisert budsjett for prosjektet. Her må det mellom anna gå fram om det finst andre inntektskjelder. Det må såleis klargjerast om prosjektet vil vere fullfinansiert med det budsjetterte tilskotet frå departementet, eller om det står att å få avklart eventuelle bidrag frå andre kjelder.

Også prosjekt i regi av eller under medverknad av Språkrådet vil bli vurderte, til dømes terminologiprosjekt. Elles vil institusjonar og organisasjonar av alle slag kunna søkje.

Det kan også søkjast støtte til pågåande tiltak og aktivitetar, men føresetnaden er da at desse vil kunna gjere seg nytte av slik eingongsstøtte utan at det utløyser støttebehov i påfølgjande budsjettår.

Ved tildeling av tilskot må det i ettertid avleggjast fagleg rapport og rekneskap i samsvar med retningslinjer for økonomiforvaltning og kontroll for tilskotsmottakarar som får tildelt prosjekt- eller investeringstilskot frå Kulturdepartementet i 2014. Slike retningslinjer er fastsette av departementet 28. november 2013.