Statsbudsjettet

Fullføring av Norsk Ordbok og sterk opptrapping av tilskotet til Det Norske Akademis Store Ordbok

Regjeringa foreslår eit tilskot på 15,1 millionar kroner til Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB).

Regjeringa foreslår eit tilskot på 15,1 millionar kroner til Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB). Dette er langt på veg ei tredobling av tilskotsnivået i 2014. Denne sterke statlege satsinga vil også utløyse auka private bidrag. Dermed vil dokumentasjonen av ordtilfanget kunne byggjast ut med eit breitt og representativt utval av sitat frå nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa, og heile verket vil etter planen kunne publiserast som gratis, digital ordbok på Internett ved utgangen av 2017. Verket byggjer på den eksisterande Norsk Riksmålsordbok, men tek sikte på å dokumentere heile majoritetsmålforma (bokmål/riksmål).

I samsvar med søknaden frå Universitetet i Oslo (UiO) blir det også foreslått eit avsluttande prosjekttilskot på 3,7 millionar kroner til Norsk Ordbok. Dermed kan det tolvte og siste bokbandet fullførast som planlagt, og det kan utarbeidast ei brukarrettleiing til verket. Norsk Ordbok dokumenterer ordtilfanget i norske dialektar og det nynorske skriftspråket. Verket vart starta allereie i 1930-åra, men kan no endeleg fullførast som komplett bokverk, takk vere mellom anna sterk opptrapping av den statlege innsatsen dei siste 15 åra.

Regjeringa gir i tillegg  0,5 millionar kroner til eit samarbeidsprosjekt mellom NAOB og UiO (bro-prosjektet) om å utvide bokmålsordforrådet i NAOB riksmålsbaserte ordbok.