Regjeringa seier ja til ny bokavtale

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Regjeringa har slutta seg til innhaldet i den nye bokavtalen som Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen har forhandla fram. Avtalen ivaretar kulturpolitiske omsyn godt, seier kulturminister Thorhild Widvey.

- Regjeringa har slutta seg til innhaldet i den nye bokavtalen som  Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen har forhandla fram. Avtalen ivaretar kulturpolitiske omsyn godt, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Bokavtalen gjeld for omsetning av både skjønnlitteratur og faglitteratur. Den nye avtalen vidarefører dagens avtale med ei forpliktande fastprisordning for medlemmane i foreininga, både på papirbøker og e-bøker. Avtalen vidarefører også litteraturabonnementsordningar og leverings- og skaffeplikt. Endringa avgrensar adgangen til å utløyse nye fastprisperiodar for nye utgåver av same bokversjon. E-bokutgåva får fripris når ei pocketutgåve vert lansert. Det vert også lagt betre til rette for strømmetenester.

Bokavtalen er ein privatrettsleg avtale mellom Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen. Staten er ikkje part i avtalen, men avtalen må vere i samsvar med vilkåra i konkurranselova eller få unntak. På dette grunnlaget vil regjeringa lage ei ny unntaksforskrift frå konkurranselova som vil erstatte gjeldande forskrift som varer til 31. desember 2014.

Den nye unntaksforskrifta vil gjelde i to år og løper ut 31. desember 2016.