Abelprisutdeling og regjeringsbankett for prisvinnaren
Pressemelding | Dato: 19.05.2025 | Kunnskapsdepartementet
H.M. Kong Harald V overrekker Abelprisen til den japanske matematikaren Masaki Kashiwara.
Kashiwara mottek prisen for imponerande prestasjonar innan algebraisk analyse og representasjonsteori.
Prisutdeling: Universitetets Aula
Tysdag 20. mai, klokka 14.00. Gjestane må vere på plass kl. 13.30. Påmelding på Abelprisutdelingen | Abelprisen
Regjeringsbankett: Akershus slott
Tysdag 20. mai klokka 19.00. Det blir høve til foto av prisvinnar ca. kl. 18.08 ved inngangen. Gjestane kjem til banketten mellom kl. 18.10 og 18.40. Det blir òg høve til å filme/fotografere talen til statsråd Sigrun Aasland ca. kl. 19.40.
NTB-fotograf Alf Simensen arbeider på oppdrag frå Akademiet. Utvalde bilete kan du finna i mediebanken. Det blir lagt inn bilete etter kvart som dei er klare. Kreditering: Alf Simensen/AbelPrize.
Gjestane på banketten er frå regjeringa, Stortinget, embetsverket, Abelpris-komiteen og styre, Det Norske Videnskaps-Akademi, det norske og internasjonale matematikkmiljøet, ambassadar, representantar frå det japanske forskings- og utdanningsdepartementet, norske utdannings- og forskingsinstitusjonar, norsk samfunnsliv og media. Vinnarane av Abelkonkurransen i vidaregåande skole og UngeAbel på ungdomstrinnet deltek.
Påmelding for pressa til prisutdeling
- Marina Tofting, leiar for samfunnskontakt og kommunikasjon, tofting@dnva.no / tlf.: 938 66 312
- Unni Irmelin Kvam, Det Norske Videnskaps-Akademi, i.kvam@dnva.no / tlf.: 95172672
Påmelding for pressa til Abelprisbanketten
- Anders Lundell, kommunikasjonssjef for forsking og høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet, lundell@kd.dep.no /tlf.: 900 49 636