Abelprisutdeling og regjeringsbankett for prisvinnaren
Pressemelding | Dato: 20.05.2026 | Kunnskapsdepartementet
H.K.H Kronprins Haakon overrekker Abelprisen til den tyske matematikaren Gerd Faltings.
Prisutdeling: Universitetets Aula
Tysdag 26. mai, klokka 14.00. Gjestane må vere på plass kl. 13.30. Påmelding på The Abel Prize 2026.
Regjeringsbankett: Akershus slott
Tysdag 26. mai klokka 19.00. Det blir høve til foto av prisvinnaren ca. kl. 18.50 ved inngangen. Det blir høve til fotografering av gjestane når dei kjem (kl. 18.10–18.40). Det blir òg høve til å filme/fotografere talen til statsråd Sigrun Aasland ca. kl. 19.40.
NTB-fotograf Alf Simensen arbeider på oppdrag frå Abelprisen. Utvalde bilete frå Abelprisuka blir lagt inn her etter kvart som dei er klare.
Gjestane på banketten er frå regjeringa, Stortinget, Abelpris-komiteen og styre, Det Norske Videnskaps-Akademi, det norske og internasjonale matematikkmiljøet, ambassadar, norske utdannings- og forskingsinstitusjonar, norsk samfunnsliv og media. Vinnarane av Abelkonkurransen i vidaregåande skole, UngeAbel på ungdomstrinnet og vinnar av Holmboeprisen deltek.
Påmelding for pressa til prisutdeling
- Marina Tofting, Det Norske Videnskaps-Akademi, leiar for samfunnskontakt og kommunikasjon, tofting@dnva.no / tlf.: 938 66 312
- Unni Irmelin Kvam, Det Norske Videnskaps-Akademi, u.i.kvam@dnva.no / tlf.: 95172672
Påmelding for pressa til Abelprisbanketten
- Anneline Svensen, kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, anneline.svensen@kd.dep.no /tlf.: 924 17 351
Om Abelprisen
Abelprisen er ein internasjonal matematikkpris oppretta for å heidre det norske matematiske geniet Niels Henrik Abel (1802–1829). Prisen blir delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi på vegner av Kunnskapsdepartementet.
Abelprisen er rekna som verdas høgast rangerte vitskaplege pris i matematikk. (Juntao Zheng / Niancai Liu 2015)
Abelprisveka heidrar matematikk som vitskap med ei rekke ulike arrangement i Oslo, Kristiansand og Froland.