Ådne Sekkelsten engasjert som fungerande direktør for Rikskonsertane
Pressemelding | Dato: 01.02.2016 | Kulturdepartementet
| Nr: 9/16
Dette innhaldet er meir enn 4 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kulturdepartementet har engasjert dagleg leiar for Norsk Scenekunstbruk, Ådne Sekkelsten, som fungerande direktør for Rikskonsertane.
Sekkelsten fungerer i stillinga i påvente av prosess med tilsetjing av ny direktør, i første omgang for ein periode på tre månader med verknad frå 1. februar 2016.