Historisk arkiv

Alle barn skal ha ein trygg heim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) lanserer regjeringa sin strategi for å styrkje tilbodet til barn som treng å bu i fosterheim. Målet er å rekruttere fleire fosterheimar, heve kvaliteten på oppfølginga av fosterfamiliane og sørgje for meir føreseielege økonomiske vilkår.

– Alle barn skal ha ein trygg heim. Fosterforeldre gjer ei svært viktig oppgåve ved å gi det einskilde barnet omsorg og kjærleik, og på vegner av samfunnet. Med denne strategien ryddar vi opp på eit område der det har vore utfordringar over tid, og vi gjer rammene for fosterheimane meir føreseielege, seier Ropstad.

Fosterheimsstrategien skal møte utfordringar som har vore over lang tid, som:

  • Utfordringar med å skaffe nok fosterheimar
  • Varierande kvalitet i oppfølginga av fosterfamiliane
  • Mangelfull kunnskap om behova til barna når dei flyttar inn i fosterheim
  • Lite føreseielege vilkår for fosterheimane

– Tiltaka i denne strategien skal bidra til at fleire barn i barnevernet får ein stabil og god omsorgssituasjon, sjølv om dei ikkje kan bu heime hos foreldra sine. Færre barn skal måtte vente på å få fosterheim, og færre barn skal måtte flytte unødig frå fosterheimen fordi fosterfamiliane ikkje får naudsynt hjelp og støtte til å gi barna den omsorga dei treng, seier barne- og familieministeren.

Regjeringa har i statsbudsjettet for 2021 sett av over 45 millionar kroner til å styrkje tilbodet til barn i fosterheimar. 

Strategien viser korleis regjeringa følgjer opp forslaga frå fosterheimsutvalet i NOU 2018:18 Trygge rammer for fosterhjem. Tiltaka i strategien skal òg bidra til å gjere kommunane godt rusta for endringane i barnevernsreforma som kjem frå 1. januar 2022. Reforma vil gi kommunane fullt økonomisk ansvar for ordinære fosterheimar.

– Vi sørgjer for tydelege tilrådingar om økonomiske rammevilkår for fosterheimar, slik at dette blir meir føreseieleg og likt over heile landet, seier Ropstad.

Gjennom strategien tilrår regjeringa at alle fosterheimar får:

  • Ei fast grunnstøtte som er uavhengig av anna inntekt
  • Ein standardisert periode med frikjøp frå ordinært arbeid når barnet flyttar inn
  • Moglegheit for frikjøp over lengre periodar når behovet til barnet tilseier det.

Strategien inneheld tiltak for å understøtte kommunane sitt arbeid med å sørgje for god kvalitet i arbeidet med fosterheimar.

– Vi stimulerer til sterkare fagmiljø i kommunane på fosterheimsområdet. Dei siste åra har det blitt sett av 25 millionar kroner årleg til utvikling av kommunale fosterheimstilbod, og vi legg til rette for meir samarbeid mellom kommunane, seier Ropstad.

Kommunane skal få betre tilgang på faglege verktøy i arbeidet sitt med å følgje opp og rettleie fosterfamiliar.

– Vi vil fortsetje arbeidet med å rekruttere fleire fosterheimar i familien og nettverket til barnet, der det er til det beste for barnet. Statsforvaltarane har fått auka ressursar til å følgje opp arbeidet til kommunane, seier barne- og familieministeren.

Les: Et trygt hjem for alle - Regjeringens fosterhjemsstrategi 2021–2025

Sjå også Bufdir si nettside om strategien