Større fridom til å samkøyre

Framlegget opnar for at ein sjåfør kan samkøyre og ta eit vederlag for reisa dersom sjåføren og passasjerane har eit samanfallande transportbehov. Tidligare har samkøyring mot vederlag berre vore tillate mellom grannar og kollegaer på reiser til og frå jobb.

- Teknologien gjør det enkelt å avtale samkøyring. Regjeringa må leggje til rette for at dei som har moglegheit og lyst til å køyre saman, gjer det. Det kan føre til færre bilar på vegane og dermed mindre kødanning og mindre belastning på vegane, seier Solvik-Olsen.

Det vil  vere mogleg å ta vederlag for køyringa, nærare bestemt dekning for passasjeren sin del av transportkostandane. Kostnadene skal reknast ut frå den skattefrie satsen for bruk av eigen bil på reise i staten sitt reiseregulativ, dvs. 3,50 per kilometer, samt eventuelle kostnader for bompengar og ferje.

Høgare aldersgrense for løyveinnehavar

Den andre endringa i framlegget er å heve den øvre aldersgrensa for å behalde eit drosjeløyve frå 70 til 75 år. Regelverket vert på denne måten tilpassa utviklinga i samfunnet der detvert lagt til rette for at eldre som ønskjer det kan stå lenger i arbeid.

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om å fjerne kravet om å vere tilslutta ein drosjesentral. Fleire høyringsinstansar peikar på at dette framlegget vil by på fleire utfordringar. Departementet meiner òg at det kan være føremålstenleg å vurdere framlegget i samanheng med andre prosessar knytt til drosjeregelverket. Dette gjeld først og fremst rapporten frå delingsøkonomiutvalet og ESA si grunngjevne fråsegn om drosjeregelverket.

Prop. 150 L (2016-2017) Endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)