Are Forbord utnemnd til ekspedisjonssjef

Are Forbord er i statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i Samferdselsdepartementet. Han skal leie Bane- og planavdelinga og tiltrer stillinga 2. august i år.

Forbord (49) bur på Kolbotn i Nordre Follo kommune og er utdanna cand.oecon. frå Universitetet i Oslo i 1996. Han har i tillegg ein Master i Public Administration frå Harvard University. 

Are Forbord kjem frå Helse- og omsorgsdepartementet, der han har vore avdelingsdirektør sidan 2012. Forbord har fleire års erfaring som saksbehandlar i Finansdepartementet, ved FN-sekretariatet i New York og ved Statsministerens kontor.

Skal leie Bane- og planavdelinga i Samferdselsdepartementet
Den nye ekspedisjonssjefen tiltrer stillinga 2. august i år. Forbord skal leie Bane- og planavdelinga, som mellom anna har ansvar for strategisk planlegging, budsjettarbeid, rammevilkår og lov- og forskriftsarbeid innan jernbanesektoren.

Vidare har avdelinga ansvar for strategisk planlegging og analyse av problemstillingar på tvers av transportsektorane, og har ei sentral rolle i arbeidet med Nasjonal transportplan, som blir revidert kvart fjerde år. Avdelinga koordinerer óg departementets arbeid med ny teknologi og har overordna ansvar for forsking og utgreiingar.