Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020

Auka innsats mot marin forsøpling

Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til auka innsats mot marin forsøpling.

Løyvinga skal mellom anna gå til å følgje opp "plastavtalen"- ei samarbeidsavtale med næringa. Delar av løyvinga skal gå til tilskot til ordninga "fishing for litter", og til styrking av Fiskeridirektoratet sitt arbeid med oppreinskingstokt og destruksjon av eigarlaust avfall.

I dag er alle pliktige til å bringe eige avfall til hamn. Men det blir ikkje mindre plast og anna avfall i havet, om alle berre leverer sitt eige avfall.

– Potensialet for auka verdiskaping, fleire jobbar og større matproduksjon i marine næringar er stort. Reine hav må til for å realisere potensialet. Løyvinga skal bidra til at meir eigarlaust avfall kan bli samla inn og levert vederlagsfritt i fleire hamner enn i dag, seier fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (FrP).


Bakgrunn

  • Arbeidet mot marin forsøpling og reiskapsopprydding er eit høgt prioritert område for regjeringa og løyvingane har auka vesentleg sidan regjeringa tiltrådte. Innsatsen i Noreg har gått frå 2 millionar til 13,4 millionar sidan 2013.
  • Fiskeridirektoratet har gradvis brukt meir midlar på oppreinskingstokt dei siste åra, fra 2 mill. kr. for 5 år sidan til 6 mill. kr i år.
  • Ordninga "fishing for litter" skal sikre at fiske- og havbruksfartøy kan levere eigarlaust avfall vederlagsfritt i elleve fiskerihamner. "Fishing for Litter" vart starta av Klima og miljødepartementet i 2016 ved Miljødirektoratet som eit toårig prøveprosjekt, ordninga vart vidareført og i 2019 er budsjettet på 2 mill. kr og vil bli auka til 2,4 mill. kr i 2020.
  • "Plastavtalen" er ei avtale som vil bli inngått mellom bl.a. Nærings- og fiskeri­departementet og Kystrederiene, Fiskebåt og Norske Havner. Partane i avtala forpliktar seg til å ta meir avfall opp fra havet mot at fleire hamner enn i dag tar i mot dette avfallet vederlagsfritt.

 

Til toppen