Banebrytande forskarar får 253 millionar kroner
Pressemelding | Dato: 08.05.2026 | Kunnskapsdepartementet
No får 24 forskingsprosjekt rundt om i Noreg gode nyheiter: Dei får til saman 253 millionar til forsking som skal gi nyskapande kunnskap. Nokre av Noregs beste forskarar skal mellom anna forske på korleis vi kan få betre luftkvalitet i barnehagane, og korleis celler hos menneske hugsar.
– Vi sikrar norsk tryggleik, konkurransekraft og velferd gjennom satsing på ny kunnskap. Forskinga som no får støtte flyttar grensene for kva vi veit, og er med på å bygge verdsleiande forskingsmiljø i Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Skal dele ut 100 millionar kroner meir enn i fjor
I 2026 skal Forskingsrådet dele ut til saman 1,5 milliardar kroner for å utvikle fleire verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Det er 100 millionar kroner meir enn i fjor.
– Den nysgjerrigheitsdrivne og dristige forskinga er spesielt viktig for å utvikle forskinga vidare. Forskingsrådet satsar målretta både på unge forskartalent og etablerte forskarar for å bygge framifrå forsking, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.
Pengar til toppforsking og radikale forskingsidear
Forskingsrådet sine ordningar for banebrytande forsking finansierer prosjekt av høg kvalitet innanfor alle fagområde, med utgangspunkt i forskarane sine eigne prosjektidear. Dei 253 millionane er fordelte på tre utlysingar med ulike føremål:
- 55 millionar kroner til to toppforskingsprosjekt med mål om å utvikle eit verdsleiande forskingsmiljø. Støtta føreset samarbeid mellom to eller fleire leiande forskarar.
- 8 millionar kroner til fire spesielt radikale forskingsidear, gjennomførte av forskarar tidleg i karrieren. Kvart prosjekt får 1,4–2 millionar kroner.
- 190 millionar kroner til banebrytande forsking av høg kvalitet gjennom ordninga FRIPRO. Til saman blir 18 prosjekt finansierte med 7–12 millionar kroner kvar.
Dette er den andre av i alt seks planlagde tildelingsrundar i 2026. Neste tildelinga frå FRIPRO er planlagd i veke 25.
Her er nokre av prosjekta som får pengar
Prosjekta er fagleg varierte og handlar om alt frå kvanteteknologi og fosterceller til digitale samfunn og mellomalderhistorie.
Kvantedatamaskiner med sjeldne jordartar
Forskarar ved Institutt for energiforsking får 2 millionar kroner for å studere korleis elektrona i ein klasse av magnetiske materiale som inneheld «sjeldne jordartsmineraler», oppfører seg. Svært presise berekningsmetodar kan gi svar på om elektrona i materiala kan danne ein tilstand som kallast ei kvantespinnvæske. Viss slike materiale kan eksistere, vil dei kunne brukast i kvantedatamaskiner.
Friskare barn med smartare ventilasjon
Ein forskar ved SINTEF får 2 millionar kroner for å teste ut den radikale forskingsideen sin: eit ventilasjonssystem i barnehagar som ikkje berre overvaker CO₂, men også støv, kjemikaliar, fukt, mikrobar, radon og temperatur. Målet er å gi barnehagebarn reinare luftkvalitet, mindre sjukdom og redusere energibruk – og utforske kva kjelder som eigentleg påverkar helsa og forureinar i kvardagen deira.
Korleis hugsar kroppen?
Forskarar ved Oslo universitetssjukehus får 40 millionar kroner for å bygge eit verdsleiande forskingsmiljø der dei skal forske på korleis celler hugsar. Særleg skal dei sjå på korleis celler hentar fram og gløymer stress, for eksempel knytt til svolt. Prosjektet utforskar korleis epigenetiske endringar og spesialiserte ribosomer lagrar erfaringar, og korleis dette påverkar samspelet og utviklinga hos organismar. Her blir banebrytande biologi og genetikk kombinert med modellering for å avdekke cellene sine ”minne” og samordning.
Mindre kø med hjelp frå algoritmar
Ein forskar tidleg i karrieren ved SINTEF får 10 millionar kroner for å gjere transportsystem smartare når dei er på sitt mest pressa. Prosjektet utviklar nye matematiske modellar og algoritmar som kan lage betre rutetabellar og raskt omdirigere tog, fly og bytransport når noko går gale. Målet er færre forseinkingar, meir robust drift og betre utnytting av eksisterande infrastruktur – utan dyre utbyggingar.
Kva rolle har konsulentfirma i politikkutforming?
Forskarar ved Norsk utanrikspolitisk institutt får 12 millionar kroner for å studere korleis store konsulentselskap har vorte ein «tredje hand» i global politikkutforming. Prosjektet skal mellom anna gi kunnskap om kva rolle konsulentselskapa har i mellomstatlege organisasjonar og korleis konsulentane påverkar politikk via lobbyverksemd.
Når molekyl mistar eit elektron
Ein forskar tidleg i karrieren ved NTNU får 10 millionar kroner for å utvikle nye teoriverktøy som forklarer kva som skjer når molekyl mistar eit elektron eller blir ioniserte. Prosjektet studerer positivt lada molekyl i vakuum, løysing og biologiske miljø, og følger korleis dei endrar seg over tid. Kunnskapen skal gjere det lettare å tolke avanserte laserforsøk og forstå korleis UV-stråling kan skade DNA.
Sårbare artar, museumssamlingar og kunstig intelligens
Forskarar ved NTNU Vitenskapsmuseet får 12 millionar kroner for å blåse nytt liv i dei enorme naturhistoriske samlingane til museet. Ved hjelp av kunstig intelligens og millionar av digitaliserte plantar og dyr kartlegg forskarane korleis klimaendringar har påverka økosystem over hundrevis av år. Resultata gir ny innsikt i kva naturtypar som er mest sårbare i møte med klima i framtida.
Å seie ja og nei på ulike språk
Ein forskar tidleg i karrieren ved UiO får 10 millionar kroner for å undersøke korleis vi uttrykker semje og usemje i kvardagsprat. Prosjektet studerer naturlege samtalar på norsk og spansk, både som morsmål og andrespråk. Ordval, tonefall og kroppsspråk blir analysert augneblink for augneblink for å avsløre kulturelle forskjellar. Målet er å gi lærarar ny kunnskap om kulturforskjellar – og bygge betre samspel i klasserom, fellesskap og samfunn.
Korleis forskingsfelt endrar seg – og kvifor det betyr noko
Forskarar ved UiB får 15 millionar kroner for å bygge eit verdsleiande forskingsmiljø som undersøker korleis fagfelt utviklar seg. Prosjektet undersøker kva som driv endring – nye metodar, idear og finansiering – og korleis styring påverkar kunnskapsutvikling. Ved å kombinere intervju og dataanalyse vil forskarane kartlegge korleis fag blir forma over tid i Noreg og Danmark.
Oversikt over alle prosjekta som får støtte
|
Institusjon |
Prosjektleiar |
Tittel |
Sum (i tusen kr) |
|
Toppforskarar |
|||
|
UiB |
Jacob, Merle |
CHANGE-SSH: Understanding disciplinary change in the social sciences and humanities |
15000 |
|
OUS |
Enserink, Jorrit |
Learn–Recall–Forget: Causal Circuits of Starvation Memory for Population Coherence in Homeostasis and Development |
40000 |
|
Erfarne forskarar |
|||
|
SINTEF AS |
Grandcolas, Mathieu |
Rapid thermal processing of emerging photoelectrochemical materials |
12000 |
|
UiB |
Sandaa, Ruth-Anne |
Deciphering Virus -Host coevolution across the domains of life |
11993 |
|
UiS |
Kurkela, Eero Aleksi |
Quantum chromodynamics in neutron-star cores |
12000 |
|
NTNU |
Speed, James |
Revealing global-scale climate sensitivity of ecological processes using natural history collections |
12000 |
|
UiB |
Ousdal, Olga Therese |
DepRelapse: Unravelling the biological underpinning of depression relapse |
12000 |
|
UiT |
McCutcheon, James |
Signalling the Neural and Behavioural Properties of Protein |
12000 |
|
NUPI |
Seabrooke, Leonard |
The Third Hand: Consultants in Global Policymaking (3rdHand) |
11966 |
|
UiO |
Espeseth, Thomas |
Beyond Human Memory: Testing Whether Memorability Reflects Computational Necessity |
12000 |
|
Tidleg karriere |
|||
|
UiO |
Steinebach, Yves |
How Policy Growth Affects Policy Implementation and Performance |
10000 |
|
NTNU |
Folkestad, Sarai Dery |
Accurate and Spin-Adapted modeling of Photochemistry in radical cations embedded in biological macromolecules or solvents |
10000 |
|
UiT |
Salmela, Tarja |
The Roads That Remain: Residual Pathways as Living Archives in Northern Fennoscandia |
10000 |
|
UiO |
Kryluk, Michael |
From the Heavens Down to Earth: Kant's Socratic Revolution and the Democratic Purpose of Philosophy |
8036 |
|
UiO |
Heyn, Björn |
DEFORM - Deflection of the Core-Mantle Boundary Reorganizes Mantle Flow |
9997 |
|
UiB |
pauzin, francois philippe |
Role of corticothalamic pathways in multisensory processing |
10000 |
|
UiO |
Fridman, Linn Bonaventure |
Social neurogenomics pathways to cognitive disparities in youth |
10000 |
|
UiO |
Allport, Benjamin |
Medieval Propaganda. Coinage, Skaldic Poetry, and the Legitimization of Royal Power in Norway, c. 995-1111 |
8734 |
|
SINTEF AS |
Luteberget, Bjørnar |
D-CONGEST: Scalable job-shop scheduling algorithms for transportation systems |
10000 |
|
Radikale forskningsidear |
|||
|
SINTEF AS |
Marchand, Daniel |
AI Accelerated Advancement of Atomic Aluminium Alloys (AAAAAA “six-A”) |
2000 |
|
SINTEF AS |
Justo Alonso, Maria |
KidVent: Air pollutant-based ventilation to enhance health in kindergartens |
2000 |
|
IFE |
Ofstad, Benedicte Sverdrup |
Exchange is in the details: A new route to rare-earth Kitaev quantum spin liquids |
2000 |
|
UiB |
McTiernan, Nina |
NOVA-PATH: Novel actors regulating protein degradation pathways |
2000 |
|
Internasjonal mobilitet |
|||
|
UiO |
Sbertoli-Nielsen, Paul |
Interactional Linguistics for Language Teacher Education on Agreement |
6888 |