Barnehagelærarutdanningane skal bli enda betre

Rammeplanen for barnehagelærarutdanninga er lite fleksibel, og uklår på nokre punkt, meiner fagmiljøa. No skal ei ekspertgruppe foreslå endringar. Målet er at framtidas barnehagebarn skal møte barnehagelærarar som er enda betre budde på arbeidskvardagen dei skal ut i.

– Alle barn skal møte ein god og trygg barnehage der dei kan utvikle seg, lære, vere saman og leike. Vi veit at dei tilsette er den absolutt viktigaste faktoren for kvaliteten i barnehagen. Difor er det så viktig at barnehagelærarutdanninga gjev studentane riktige ferdigheiter, kunnskap og kompetanse, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

I 2012 fekk barnehagelærarutdanningane ein ny nasjonal rammeplan. Planen stiller overordna krav til fagleg kvalitet, til struktur og innhald i utdanninga og kva studentane skal kunne når dei er ferdig utdanna. Tilbakemeldinga frå fagmiljø og ekspertar er at planen er uklår når det gjeld kva rolle og plass pedagogikken skal ha i utdanninga. I tillegg gir ikkje planen nok rom for fleksibilitet og samhandling på tvers.

– No har rammeplanen vore i bruk i nokre år, og vi har fått nyttige tilbakemeldingar om korleis planen fungerer. No skal vi gå gjennom planen og gjere den enda tydelegare. Målet er at studentane skal få ei utdanning som ruster dei enda betre for den viktige jobben dei skal ut i, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Rammeplangruppa for barnehagelærarutdanning

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal foreslå endringar i rammeplanen for barnehagelærarutdanninga.

Morten Ørbeck skal leie ekspertgruppa. Han er dekan ved for lærarutdanning og pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet.

Øvrige medlemmar:

  • Margareth Eilifsen, Studieprogramansvarleg for barnehagelærar- og masterutdanningar ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Høgskulen på Vestlandet. Leier UHR-lærerutdanninganes fagorgan for barnehagelærarutdanninga
  • Gjertrud Stordal, Førstelektor i samfunnsfag ved Dronning Mauds Minne Høgskolen
  • Rasmus Kleppe, Barnehagelærar, førsteamanuensis ved Institutt for barnehagelærarutdanning OsloMet og forskar og rådgivar i KANVAS
  • Turid Baasland, Barnehagelærar og styrar ved Trekløveren barnehage i Skien. I 20 prosent stilling ved Universitetet i Søraust-Noreg
  • Sahayathasen Kaithampillai, Barnehagelærar og pedagogisk leiar i Dynekilen barnehage, Oslo, og deltakar i REACH-nettverket ved OsloMet
  • Marit Sundelin, Ph.d.-stipendiat, universitetslektor i norsk ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk, Universitetet i Tromsø

Referansegruppe

I tillegg skal Kunnskapsdepartementet opprette ei referansegruppe beståande av representantar for lærarutdanningane i Universitets- og høgskolerådet, Utdanningsforbundet, Fagforbundet, KS, Private barnehagars landsforbund, Pedagogstudantene, Sametinget, Foreldreutvalet for barnehagen. Referansegruppa får i oppgåve å spele inn til rammeplangruppas arbeid.

Utdrag frå mandatet for Rammeplangruppa for barnehagelærarutdanning

Rammeplangruppa for barnehagelærarutdanning skal foreslå konkrete tekstlege endringar i rammeplan for barnehagelærarutdanning (BLU) og merknader til denne.

Arbeidet skal ikkje omfatte endringar i organiseringa i tverrfaglege kunnskapsområde. Forslag til endringar i forskrifta må vurdast opp mot førrmålet med den nye rammeplanen frå 2012.

Endringane skal

  1. tydeleggjere pedagogikkfagets rolle og plass i utdanninga og bidra til større konsistens i bruk av omgrep.
  2. gi auka moglegheit for fleksibilitet i og mellom kunnskapsområda
  3. tydeleggjere dei gjennomgåande temaene i utdanninga og korleis dei kan inngå.

Gruppa skal også vurdere om institusjonane skal kunne studiepoengfeste faga som inngår i kunnskapsområda på den einskilde kandidaten sitt vitnemål.

Rammegruppa skal legge fram vurderingar for og mot endringane som vert foreslåtte. 

Rammeplangruppen skal

  • hente inn dømepå aktuelle, gode modellar frå universitets- og høgskulesektoren
  • involvere medlemene i referansegruppa (sjå punkt 3) i sitt arbeid
  • ha ein open prosess

Rammer for arbeidet

Det blir tatt sikte på at rammeplangruppa starter arbeidet i september/oktober 2020. Det blir vidare tatt sikte på at gruppa leverer sitt forslag til endra rammeplan med vurderingar til Kunnskapsdepartementet innan 1. juni 2021.