Statsbudsjettet 2019

Betre digitalt forbrukarvern

For å styrkje forbrukarane sine rettar i den digitale kvardagen, føreslår regjeringa å auke løyvinga til Forbrukartilsynet med 6 millionar kroner. Det er ein auke på 23 prosent.

– Barn og unge er aktive på sosiale medium, bloggar og i spel. Bloggarar brukar seg sjølve som reklameplakatar, og for unge kan det vere vanskeleg å forstå skilnaden mellom kva som er reklame og ikkje. Derfor må reklame tydeleg merkast. Bruk av sosiale medium er òg ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Mange bloggarar, marknadsførarar og nettbutikkar bryt marknadsføringsreglane. Statsråden vil at Forbrukartilsynet skal gå dei nærare i saumane når det kjem til merking av reklame.

- Det er behov for å styrkje tilsynet med mellom anna reklame på sosiale medium og bloggar, eller vilkåra til appar som du lastar ned på mobilen. Det er òg behov for å gi meir rettleiing til mindre aktørar, slik som små nettbutikkar, bloggarar og profilar på sosiale medium. Digitale medium skal bli tryggare for brukarane, seier Helleland.

Mange næringsdrivande bryt forbrukarvernreglane ved netthandel.

Forbrukartilsynet driv i dag rettleiing og fører tilsyn etter marknadsføringslova òg på sosiale medium. For å styrkje innsatsen har Medietilsynet og Forbrukartilsynet, etter oppdrag frå regjeringa, laga ei skisse til etiske retningsliner for å motverke uheldig kroppspress i sosiale medium. Retningslinene skal utviklast i samråd med relevante aktørar og bransjen sjølv.

Til toppen