Billigare å bruke Brønnøysundregistra

Frå 1. januar blir det billigare å bruke Brønnøysundregistra. Lågare priser vil spare bedriftene for mange millionar kroner.

- Regjeringa er opptatt av å forenkle og kutte kostnadar for næringslivet. Nå blir det billigare å bruke Brønnøysundregistra. Det er godt nytt for mange bedrifter, seier næringsminister Monica Mæland.

Ei kartlegging frå Brønnøysundregistra viser at gebyrinntektene er høgare enn kostnadane. Gebyra blir nå kutta. I tillegg blir det gratis å hente ut opplysningar elektronisk.

- Det blir lettare å få tilgang på oppdaterte opplysningar, utan at ein må betale for det. Auka tilgang på informasjon kan også føre til meir innovasjon, utvikling og verdiskaping for næringslivet, seier Mæland.

Prisane for elektronisk tinglysing, elektronisk registrering i Føretaksregisteret og elektroniske kunngjeringar blir satt ned. Gebyra for papirbaserte tenester blir justert for prisstigninga frå 2015 til 2016, men er elles uendra.

Frå 1. januar fjernast også årsavgifta i Frivillighetsregisteret slik at frivillige organisasjonar får lågare avgifter.

- Brønnøysundregistra har mykje offentlege data som kan brukast. Eg er glad for at vi no kan gjere tilgjengeleg meir data for verksemder utan at dei må betale for det. Det styrker konkurransekrafta og gjer det enklare for næringslivet, seier direktør Lars Peder Brekk ved Brønnøysundregistra.

Dei nye gebyrsatsane for Brønnøysundregistrene trer i kraft 1. januar 2016.

Her kan du hente ut opplysningar gratis (etter 1. januar).