Ola Borten Moe besøker Kristiansund
Nyheit | Dato: 25.02.2022 | Kunnskapsdepartementet
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe dreg til Kristiansund for å høyre meir om utviklinga av studietilbodet der.
Tysdag 1. mars deltek Borten Moe på markeringa av rivestart på tomta der nye Campus Kristiansund skal byggast. I tillegg besøker han GC Rieber VivoMega AS, som produserer marine omega-3-konsentrat. Dei har fleire forskings- og utviklingsprosjekt på gang.
- Tid:
- Tysdag 1.3:
- 10-12.00: Campus Kristiansund, markering av rivestart
- 12.30-13.15: Fabrikkbesøk, GC Rieber VivoMega AS
- Tysdag 1.3:
Journalistar som ønsker å intervjue statsråden kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Johanne Severinsen, jose@kd.dep.no, tlf: 911 14 868
Borten Moe skulle ha besøkt Høgskolen i Molde 28. februar, men på grunn av endringar i programmet til statsråden må besøket utsetjast.