Historisk arkiv

Bypakke for eit grønare Tromsø i vekst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

– Tromsø får med denne bypakken god draghjelp i det grøne løftet, og spesielt dei som vel å reise kollektivt, sykle eller gå vil få eit betre tilbod. Bypakken vil seinare kunne gå inn i ein byvekstavtale, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

– Tromsø har teke viktige vegval fram mot ein grønare og meir moderne by. Byen er sentralt plassert i ein region som veks og blir stadig viktigare. Eg er glad for at det er tverrpolitisk semje i Tromsø om eit meir miljøvenleg tilbod til beste for alle trafikantgrupper. Med like målretta innsats framover, vil det ikkje overraske meg om Tromsø seglar opp som ein god førstekandidat for ein byvekstavtale, seier samferdselsministeren.

Når bompengeinnkrevjinga startar opp, vil den erstatte dagens ordning der ein lokalt krev inn ei avgift på drivstoff som har betalt for deler av bygginga av hovudvegar i Tromsø.

Utforminga av bypakken er i tråd med bompengeavtalen frå august 2019: Bompengepakken er fullfinansiert, prosjekt og tiltak står på ei prioritert liste, og det skal vere 20 prosent eigenandel på lokale/regionale tiltak. Det er semje om porteføljestyring, god kostnadskontroll og målet om nullvekst.

– Med bompengeavtalen kom det nye føringar i bompengepolitikken. Lokale og regionale styresmakter viste evne og vilje til å tilpasse opplegget til dette. Det skal dei ha ros for. Vi har no eit godt grunnlag for å utvikle Tromsø i grønare retning, på ein god måte for trafikantar, passasjerar og næringsliv, seier samferdselsminister Hareide.

Nullvekst og god framkome

Målet for bypakken er nullvekst i persontransport med bil. I tillegg er god framkome for alle trafikantgrupper eit mål, med hovudvekt på kollektivtransport, sykling, gåing og næringslivstransport. I bypakken ligg det fleire tiltak som skal leggje til rette for dette.

Eit sentralt prosjekt i Bypakke Tenk Tromsø er E8 Flyplasstunnelen (tidlegare rv. 862 Tverrforbindelsen Tromsø) som vil gå mellom Breivika og Langnes.

Tromsø er ein av ni byar som kan vere aktuell for byvekstavtalar. Om ein slik avtale vert inngått i framtida, er det ein føresetnad at bypakken vert del av ein slik avtale.

6,5 milliardar kroner

Samla økonomisk ramme for Bypakke Tenk Tromsø er om lag 6 500 mill. 2021-kr. Finansieringa skjer i hovudsak med bompengar og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar.

Bypakke Tenk Tromsø vil ha ein innkrevjingsperiode på 15 år, med planlagt oppstart 2. halvår 2022. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka kjem det 15 bomstasjonar med tovegs innkrevjing, fordelt på sju sonar. Bompengeordning vert tidsdifferensiert med tredobbel takst i rushperiodane på kvardagar.

For meir informasjon: Prop. 99 S (2020 – 2021) – Utbygging og finansiering av Bypakke Tenk Tromsø i Troms og Finnmark

Kart: