Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Byvekstavtale for Bergensområdet signert i dag – staten bidreg med over 13 milliardar kroner

Byvekstavtalen skal bidra til å redusere klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy og til meir effektiv arealbruk og god byutvikling. Den nye byvekstavtalen erstattar dagens avtale og gjeld for perioden 2019–2029.

Bildet: Samferdselsminister Knut Arild Hareide og statssekretær Heidi Karin Nakken i Kommunal- og moderniseringsdepartementet signerte avtalen for staten. Foto: SD/Kjell Brattaas

– Den nye byvekstavtalen betyr at det kjem 13,1 milliardar kroner frå staten til Bergensområdet fram til 2029. Eit viktig mål er å få fleire til å velje bort bilen og heller reise kollektivt, sykle og gå. Eg er glad for at alle dei fire nabokommunane som var invitert til å bli med har signert avtalen, saman med Bergen kommune og Vestland fylke. Det er eit godt utgangspunkt for ein god og framtidsretta areal- og transportpolitikk i Bergen og i dei store nabokommunane, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Han signerte avtalen for staten i Bergen i dag, saman med statssekretær Heidi Karin Nakken i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I den nye avtalen er fire nabokommunar til Bergen avtalepartar: Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden: 

– Det vil gi betre samordning av areal- og transporttiltak i heile Bergensområdet, noko som vil gjere kvardagen enklare for alle som reiser kollektivt, syklar eller går, seier statssekretær Nakken i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Statlege midlar

Dei statlege midlane på om lag 13,1 milliardar kroner går mellom anna til tiltak for kollektiv, sykkel og gåing og til auka belønningsmidlar. Dette utgjer om lag 8 milliardar kroner. Om lag 3,6 milliardar kroner går til statleg 50/50-bidrag til Bybanen til Fyllingsdalen.

Den nye byvekstavtalen følger opp bompengeavtalen frå 2019 frå staten si side. Dette betyr at det statlege bidraget til Bybanen til Fyllingsdalen vert auka frå 50 til 66 prosent. Denne auken på om lag 1,1 milliard kroner er øyremerkt tiltak for å redusere bompengane og betre kollektivtilbodet. Staten gir også tilskott på 500 millionar kroner til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk.

Meir om byvekstavtaler