Dei første pakkane med brunost er klare til avreise til Kina
Nyheit | Dato: 24.10.2026 | Landbruks- og matdepartementet
I 2025 vart det inngått ein avtale som opna dørene for at ein kunne eksportere norske meieriprodukt til Kina. No er dei første pakkane klare til å sendast.
Avtala som gjer at Noreg no kan eksportere eit av dei mest karakteristiske produkta sine til det austasiatiske landet skal no rullast ut. Statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg fekk vere med og pakke dei første ostane som skal sendast av garde, saman med Kinas nye ambassadør til Noreg Zhou Jingxing og ein delegasjon frå Kina.
– Det er veldig kjekt å få vere her i Byrkjelo på ein så spesiell dag som denne. Snart vil kinesiske forbrukarar kunne finne brunost i butikkane. Dette er byrjinga på eit nytt kapittel i landbruks- og handelssamarbeidet vårt med., seier statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg.
I Noreg er vi mest vane med brunost på brødskive eller på vaffel. Men i andre asiatiske land, har dei funne nye, innovative måtar å bruke han på, som til dømes topping på nudlar. Kinesarane fekk prøve å smake begge delar då den dåverande statssekretæren var til stades på den kinesiske messa CIIE i Shanghai i fjor.
– Eg håpar at kinesarane kjem til å setje pris på brunosten like mykje som det vi gjer, seier Stegegjerdet Norberg.
Noreg er eit land som markerer seg internasjonalt når det gjeld ost. I tillegg til at norske ostar har vunne Oste-VM, har vi også eit breitt spekter av ostar å tilby frå produsentar frå heile landet.