Historisk arkiv

Den nye kommunelova trer i kraft hausten 2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Stortinget vedtok 11. juni ny kommunelov. I dag har Kongen i statsråd avgjort at storparten at den nye lova vil tre i kraft når dei nye kommunestyra og fylkestinga konstituerast til hausten.

Det er kommunestyre- og fylkestingsval 9. september 2019. Det enkelte kommunestyret og fylkestinget må ha konstituerande møte innan utgangen av oktober 2019. Det vil vere eit godt eigna tidspunkt for å setja i kraft den nye lova.

Dei fleste kapitla i lova vil tre i kraft frå og med det konstituerande møtet i det enkelte kommunestyret og fylkestinget ved oppstart av valperioden 2019–2023. Det gjeld kapittel 1 til 13, 17 til 27 og 30 og 31, som handlar om dei generelle føresegna i lova, føresegner om folkevalde og administrasjonen og føresegner om interkommunalt samarbeid. I tillegg gjeld det føresegner om eigenkontroll i kommunane og statleg kontroll og tilsyn.

Kapitla i lova vil såleis tre i kraft på ulike tidspunkt, avhengig av når det enkelte kommunestyret eller fylkestinget har sitt konstituerande møte etter valet. Dei resterande kapitla, mellom anna økonomiføresegna, trer i kraft 1. januar 2020. Kapitlet om internkontroll trer i kraft på eit seinare tidspunkt.   

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00