274 millionar kroner meir i frie inntekter til Sogn og Fjordane neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
         
1401 Flora 638 110 23 462 3,8 1 151
1411 Gulen 160 562 6 166 4,0 226
1412 Solund 62 793 1 321 2,1 76
1413 Hyllestad 96 872 2 480 2,6 136
1416 Høyanger 246 897 6 916 2,9 407
1417 Vik 166 403 5 673 3,5 258
1418 Balestrand 92 212 3 390 3,8 125
1419 Leikanger 128 591 3 994 3,2 222
1420 Sogndal 384 923 15 735 4,3 744
1421 Aurland 114 754 4 013 3,6 167
1422 Lærdal 133 846 3 713 2,9 209
1424 Årdal 289 986 11 685 4,2 522
1426 Luster 302 240 11 182 3,8 491
1428 Askvoll 186 905 6 343 3,5 292
1429 Fjaler 186 591 9 264 5,2 272
1430 Gaular 181 802 6 772 3,9 283
1431 Jølster 183 496 5 184 2,9 291
1432 Førde 656 466 26 571 4,2 1 242
1433 Naustdal 168 698 6 675 4,1 270
1438 Bremanger 252 162 6 346 2,6 373
1439 Vågsøy 339 986 12 852 3,9 583
1441 Selje 165 287 4 477 2,8 266
1443 Eid 314 454 11 018 3,6 579
1444 Hornindal 81 736 2 069 2,6 117
1445 Gloppen 341 220 16 561 5,1 554
1449 Stryn 400 349 12 558 3,2 688
Fordelast gjennom året 9 970      
Sogn og Fjordane 6 287 313 227 370 3,8 10 544
         
Sogn og Fjordane fylkeskommune 2 316 136 46 445 2,0 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.