315 millionar kroner meir i frie inntekter til Aust-Agder neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Aust-Agder og Aust-Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
         
0901 Risør 359 117 13 186 3,8 668
0904 Grimstad 1 110 004 51 741 4,9 2 145
0906 Arendal 2 141 826 98 605 4,8 4 271
0911 Gjerstad 146 027 4 456 3,1 239
0912 Vegårshei 129 872 3 218 2,5 195
0914 Tvedestrand 328 772 14 874 4,7 582
0919 Froland 292 799 10 379 3,7 537
0926 Lillesand 526 505 20 862 4,1 1 012
0928 Birkenes 272 621 12 005 4,6 492
0929 Åmli 125 959 3 868 3,2 177
0935 Iveland 86 973 2 122 2,5 127
0937 Evje og Hornnes 195 318 8 052 4,3 344
0938 Bygland 86 502 3 502 4,2 118
0940 Valle 84 309 2 000 2,4 120
0941 Bykle 78 643 1 901 2,5 89
Fordelast gjennom året 3 700      
Aust-Agder 5 968 946 250 771 4,4 11 116
         
Aust-Agder fylkeskommune 1 465 283 64 304 4,6 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.