376 millionar kroner meir i frie inntekter til Telemark neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Telemark og Telemark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
         
0805 Porsgrunn 1 727 835 73 254 4,4 3 453
0806 Skien 2 610 252 115 328 4,6 5 193
0807 Notodden 679 300 22 408 3,4 1 219
0811 Siljan 130 205 4 022 3,2 227
0814 Bamble 682 567 24 175 3,7 1 359
0815 Kragerø 549 306 19 389 3,7 1 027
0817 Drangedal 241 210 12 368 5,4 399
0819 Nome 354 694 20 613 6,2 633
0821 Bø 314 516 17 164 5,8 567
0822 Sauherad 231 930 8 383 3,7 420
0826 Tinn 348 990 9 875 2,9 574
0827 Hjartdal 107 078 7 405 7,4 153
0828 Seljord 176 337 6 002 3,5 288
0829 Kviteseid 148 872 3 684 2,5 238
0830 Nissedal 96 316 2 389 2,5 138
0831 Fyresdal 88 324 2 187 2,5 127
0833 Tokke 139 280 3 765 2,8 218
0834 Vinje 222 289 9 958 4,7 355
Fordelast gjennom året 12 400      
Telemark 8 861 700 350 770 4,1 16 588
         
Telemark fylkeskommune 2 028 626 24 895 1,2 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.