453 millionar kroner meir i frie inntekter til Vest-Agder neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
         
1001 Kristiansand 4 281 499 223 482 5,5 8 471
1002 Mandal 788 164 27 191 3,6 1 495
1003 Farsund 486 761 16 746 3,6 934
1004 Flekkefjord 503 206 16 808 3,5 875
1014 Vennesla 713 320 23 986 3,5 1 372
1017 Songdalen 326 790 16 308 5,3 619
1018 Søgne 535 341 21 010 4,1 1 081
1021 Marnardal 146 733 3 887 2,7 221
1026 Åseral 67 812 804 1,2 90
1027 Audnedal 116 262 3 148 2,8 169
1029 Lindesnes 267 703 9 746 3,8 476
1032 Lyngdal 431 962 19 179 4,6 810
1034 Hægebostad 110 634 4 916 4,6 164
1037 Kvinesdal 339 848 12 385 3,8 577
1046 Sirdal 131 730 1 398 1,1 177
Fordelast gjennom året 5 000      
Vest-Agder 9 252 766 400 993 4,5 17 531
         
Vest-Agder fylkeskommune 2 200 686 52 167 2,4 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.