546 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Vestfold fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
         
0701 Horten 1 307 226 45 814 3,6 2 592
0702 Holmestrand 509 320 19 474 4,0 1 032
0704 Tønsberg 2 060 165 91 616 4,7 4 061
0706 Sandefjord 2 222 937 77 926 3,6 4 397
0709 Larvik 2 168 974 96 432 4,7 4 210
0711 Svelvik 319 853 11 240 3,6 636
0713 Sande 459 785 18 761 4,3 890
0714 Hof 173 741 5 286 3,1 304
0716 Re 474 718 17 373 3,8 899
0719 Andebu 301 356 16 372 5,7 567
0720 Stokke 552 537 19 598 3,7 1 114
0722 Nøtterøy 1 078 849 38 749 3,7 2 083
0723 Tjøme 245 314 8 771 3,7 479
0728 Lardal 139 546 4 171 3,1 238
Fordelast gjennom året 7 459      
Vestfold 12 021 781 471 641 4,1 23 502
         
Vestfold fylkeskommune 2 523 312 74 548 3,0 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.