647 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
         
1502 Molde 1 269 518 49 105 4,0 2 558
1504 Ålesund 2 236 864 104 333 4,9 4 488
1505 Kristiansund 1 202 000 42 610 3,7 2 361
1511 Vanylven 190 976 10 318 5,7 315
1514 Sande 157 033 6 891 4,6 251
1515 Herøy 464 632 14 557 3,2 864
1516 Ulstein 440 766 20 944 5,0 804
1517 Hareid 261 439 10 579 4,2 493
1519 Volda 456 616 15 321 3,5 864
1520 Ørsta 550 145 18 109 3,4 1 024
1523 Ørskog 133 069 5 119 4,0 223
1524 Norddal 115 248 2 730 2,4 161
1525 Stranda 256 318 7 807 3,1 445
1526 Stordal 75 018 2 405 3,3 99
1528 Sykkylven 393 340 16 080 4,3 744
1529 Skodje 237 674 8 161 3,6 437
1531 Sula 477 040 23 257 5,1 855
1532 Giske 413 345 15 387 3,9 769
1534 Haram 473 325 14 120 3,1 883
1535 Vestnes 323 733 14 821 4,8 643
1539 Rauma 409 638 12 558 3,2 720
1543 Nesset 171 136 7 365 4,5 286
1545 Midsund 130 453 4 533 3,6 201
1546 Sandøy 89 757 2 829 3,3 121
1547 Aukra 194 943 9 301 5,0 335
1548 Fræna 509 592 18 766 3,8 940
1551 Eide 197 038 5 176 2,7 334
1554 Averøy 301 816 12 708 4,4 561
1557 Gjemnes 156 861 3 619 2,4 248
1560 Tingvoll 185 901 5 302 2,9 299
1563 Sunndal 391 085 19 856 5,3 692
1566 Surnadal 324 248 9 415 3,0 576
1567 Rindal 126 162 3 463 2,8 197
1571 Halsa 106 561 2 578 2,5 150
1573 Smøla 132 670 3 843 3,0 207
1576 Aure 232 715 5 844 2,6 341
Fordelast gjennom året 63 585      
Møre og Romsdal 13 852 261 532 421 4,0 25 489
         
Møre og Romsdal fylkeskommune 3 850 305 114 782 3,1 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.